Operaprogram?

Anders Ericson frilanders at gmail.com
Wed Feb 8 13:48:07 CET 2023


Eg har akkurat fått den nedslåande meldinga frå Operaen at dei IKKJE har
arkiv over tidlegare oppsettingar og artistar.

På nb.no finst det berre nokre spreidde program, i tillegg til
jubileumsbøker o.l. Eg vil tru dei har noko i småtrykksamlinga, men når det
verken er katalogisert eller digitalisert ...

Men kan det finnast andre kjelder til å få sett saman ein oversikt over ein
namngitt sangar sine roller og oppsettingar? Nokre operanerdar som de
kjenner til, i eller utanfor bibliotek?

Det finst sjølvsagt meldingar i aviser, men ofte med omtale berre av
hovudrollene og stjernene. Og alle oppsettingane er nok heller ikkje med.


Helsing
Anders Ericson
+4797775170
https://bibliotekettarsaka.com
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20230208/dd0abe75/attachment.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list