Ledig stilling i Vang i Valdres

Marianne Riste Marianne.Riste at vang.kommune.no
Fri Apr 29 12:08:36 CEST 2022


Har du godt humør, er kreativ og har lyst til å utvikle bibliotektenester for og med innbyggarane? Og i tillegg har erfaring med og interesse for bibliotekarbeid, har gode samarbeidsevner, er allsidig og glad i folk? Då er det eit godt utgangspunkt for å søke jobben hjå oss!
I tillegg til ein flott arbeidsplass og ein knakande grei sjef ;) får du eit eldorado av turmoglegheiter rett utanfor døra!
Helsing biblioteksjef Marianne :)
Vang folkebibliotek


Bibliotekmedarbeidar
Vang kommune i Valdres har ledig 45 % fast stilling som bibliotekmedarbeidar frå 01.08.22.
Vang folkebibliotek, som held til på Vangstunet i Vang sentrum, er ei avdeling i etat for utdanning og kultur og har ca. 1,5 årsverk. Biblioteket har lyse og flotte lokale, og er ein viktig og aktiv kulturinstitusjon i kommunen. Vang frivilligsentral er samlokalisert med biblioteket, og vi har eit tett samarbeid om m.a. arrangement. Biblioteket ynskjer å ha ei aktiv samfunnsrolle, og driv brei formidlingsaktivitet. Vi har godt samarbeid med ulike institusjonar, frivillige organisasjonar og har eit regionalt samarbeid med biblioteka i Valdres.
Arbeidsoppgåver:

-          Skranke- og publikumsarbeid

-          Formidling av litteratur

-          Praktisk arbeid med samlinga, som t.d. sette opp utstillingar

-          Samarbeid og samskaping med lokalsamfunnet

-          Delta i arbeidet med å utvikle biblioteket til ein attraktiv og inkluderande stad å vere for alle

-          Vere med på å marknadsføre biblioteket i sosiale media
Vi søker etter ein medarbeidar som m.a.;

-          Er levande oppteken av litteratur og formidling

-          Har erfaring og interesse for bibliotekarbeid

-          Har god digital kompetanse

-          Har gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Vi ønsker ein kollega med godt humør, kreativitet og lyst til å utvikle bibliotektenester for og med innbyggarane i Vang. Du har gode samarbeidsevner, er allsidig og glad i folk. Du bør vere komfortabel med å snakka i forsamlingar. Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga blir vektlagt.
Vi tilbyr

-          Eit godt arbeidsmiljø

-          Arbeidstid i arbeidsplan som omfattar kveldsvakter og laurdagsvakter. Ein må også rekna med noko arbeid på kveld i samband med arrangement

-          Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk

-          Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vang kommune nyttar nynorsk som målform.
Tilsetting skjer på gjeldande vilkår i kommunal sektor.
Søknadsfrist: 19. mai 2022
Meir informasjon om stillinga kan du få av biblioteksjef Marianne Riste mob. 932 49 763.
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via webcruiter: https://82029.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4515972709?link_source_id=0

-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20220429/2c621648/attachment.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list