Byttebibliotek

Anders Ericson frilanders at gmail.com
Fri Apr 8 23:46:37 CEST 2022


Interessant!
Har støtt på ordet nokre gongar, men har tenkt det berre har vore logiske
følgjer av at folk (nokre) seier at dei skal på biblioteket og «bytte
bøker». Altså eit reint synonym for bibliotek. Høyrde det vel oftare før.
Den gongen det meste, eller alt, folk gjorde i bibliotek var å låne og
levere bøker.

Men eg gjorde eit søk på nb.no:
Blant dei 32 treffa i aviser ser dei fleste ut til å handle om hyller,
telefonkioskar, kasser osv. med bøker til sjølvbetening. Der du fritt kan
gi og ta. Slike finst snart ved alle hyttefelt, campingplassar osv. og
stader der filialar er nedlagde...
https://www.nb.no/search?q=byttebibliotek&mediatype=aviser

Men eg fann dette frå 1959, sjå overskrifta «48 bøker beslaglagt i Oslo».
Fortsetting på side 5.
https://www.nb.no/items/ab4eb325baf1ecf1aec1eb0a75f5b7b8?page=0
Her handla det om eit hemmeleg «bibliotek» for folk som ville omgå sensur.
Bøker som vanlege bokhandlarar ikkje hadde lov til eller ikkje våga å selje
eller reklamere for. Altså frykta for sedløyse: Arthur Miller er nemnd.

Og: I dette forelesingsheftet frå 1955 finn vi «byttebibliotekar»!
https://www.nb.no/items/a8d6b73b1cd790d9536eef849e10ff40?page=121
Om referansebibliotekarar som hospiterer på tvers av institusjonane, for å
lære av kvarandre

På trånnjæmsk betyr visst byttebibliotek ei samling av kasserte bøker frå
folkebiblioteket, som vel fungerer som dei nemnde bokkassene:
https://biblioteket.trondheim.kommune.no/innhold/om-biblioteket/avdelinger/boker--bylab/#heading-h2-4

Helsing
Anders Ericson
+4797775170
https://bibliotekettarsaka.com


fre. 8. apr. 2022 kl. 15:08 skrev Marit Kristine Ådland via Biblioteknorge <
biblioteknorge at mailman.kunnskapsallmenning.no>:

> Eg har støtt på denne setninga i ein artikkel i Bok og bibliotek frå
> 80-talet: «Nå er de framme ved et punkt der en må ta stilling til hva en
> skal gjøre med de store, som byttebibliotekene i Brigtron og Eastbourne.» Er
> det nokon som veit kva eit byttebibliotek er i denne samanhengen? Ut frå
> konteksten ser det ut til at det er vist til folkebiblioteka på dei to
> stadane. På kva måte er dei byttebibliotek?
>
>
>
> Artikkelen handlar generelt om kategorisering i folkebibliotek, som
> alternativ til oppstilling etter kun Dewey.
>
> Haug, I. (1987). I leserens interesse? Bok og bibliotek 54(6), 216-217.
>
>
>
> Beste helsing
>
> Marit Kristine Ådland
> --
> Biblioteknorge mailing list
> biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no
> https://mailman.kunnskapsallmenning.no/mailman/listinfo/biblioteknorge
>
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20220408/c2d72f53/attachment.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list