RE: NB sitt Nettbibliotek må brukast! Men ikkje bokvalskriteria til Peter Frederik Suhm

Pål Magnus Lykkja p.m.lykkja at ub.uio.no
Mon Aug 2 14:01:10 CEST 2021


Takk Anders, du er vaktbikkja som også fekk med deg det kontroversielle som ofte skjer i sumarferien!

«Lovdata utvider styret for å unndra seg Viderebruksdirektivet» er etter mitt syn undergravande for rettstryggleiken til vanlege folk som treng tilgang til høgsterettsdommar utan å måtte betale 14875 kroner for abonnement. Dette er offentleg eigedom, betalt av skattebetalarar, og som bør vere tilgjengeleg for alle som treng å vite om sin rettssituasjon. Veldig mange som treng slik informasjon er ofte i ein posisjon at dei ikkje har råd til å betale for advokat (asylsøkjarar, uføretrygda, folk som har gått konkurs osb.)

Det er interessant at Universitetet i Oslo sin representant og representantane frå Justisdepartementet og til og med Stortinget røysta for denne vedtektsendringa som unndreg seg vidarebruksdirektivet som er meint for å fremje meir bruk av offentleg informasjon. Det burde vere ein offentleg debatt om dette før desse representantane røyster, for dette vedkjem heile befolkninga meinar eg.

Les meir om dette lettare sjokkerande vedtaket her: https://rettspraksis.no/docs/lovdata/Lovdata-ulovlig-vedtektsendring.pdf

Regjeringa og universitetet går inn for open tilgang til forskningsresultater og offentleg informasjon, så dette vedtaket bør vurderast på nytt.

Venleg helsing
Pål Magnus Lykkja
Universitetsbibliotekar på UiO

From: Biblioteknorge <biblioteknorge-bounces at mailman.kunnskapsallmenning.no> On Behalf Of Anders Ericson via Biblioteknorge
Sent: Thursday, July 29, 2021 9:42 PM
To: Biblioteknorge <biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no>
Subject: NB sitt Nettbibliotek må brukast! Men ikkje bokvalskriteria til Peter Frederik Suhm

https://bibliotekettarsaka.com

·                   Top Posts & Pages
o    NB sitt Nettbibliotek må brukast!<https://bibliotekettarsaka.com/2021/07/25/nb-sitt-nettbibliotek-ma-brukast/>
o    Sjokk x 2 - når det gjeld «Bokhylla»<https://bibliotekettarsaka.com/2021/07/12/sjokk-x-2-nar-det-gjeld-bokhylla/>
o    OsloMet og digitalisering<https://bibliotekettarsaka.com/2021/07/26/oslomet-og-digitalisering/>
o    Gladnytt: ALLE norske rettsavgjerder skal bli FRIE!<https://bibliotekettarsaka.com/2019/11/27/gladnytt-alle-norske-rettsavgjerder-skal-bli-frie/>
o    Kristiansunt og godt<https://bibliotekettarsaka.com/2021/07/22/kristiansunt-og-godt/>
o    Nasjonalbibliotekets «egnethet»?<https://bibliotekettarsaka.com/2021/07/04/nasjonalbibliotekets-egnethet/>
o    Lovdata: Privatiserer for å omgå progressiv EU-reform<https://bibliotekettarsaka.com/2021/07/08/lovdata-privatiserer-for-a-omga-progressiv-eu-reform/>
o    Atekst snart berre for dei rike<https://bibliotekettarsaka.com/2020/01/28/atekst-snart-berre-for-dei-rike/>
o    Koronakompensasjonen, kommuneøkonomien og biblioteket<https://bibliotekettarsaka.com/2021/07/21/koronakompensasjonen-kommuneokonomien-og-biblioteket/>
o    «Why do we live in a world where libraries are illegal?» An interview with Alexandra Elbakyan<https://bibliotekettarsaka.com/2021/01/24/why-do-we-live-in-a-world-where-libraries-are-illegal-an-interview-with-alexandra-elbakyan/>
Helsing
Anders Ericson
+4797775170
https://bibliotekettarsaka.com
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20210802/b9be9280/attachment-0001.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list