Unyttiggjering av biblioteket 3.0

Marit Kristine Ådland maritkr at oslomet.no
Mon Apr 15 11:08:46 CEST 2024


Eg kan ikkje sei at eg bekymrer meg særleg for Keenious. Snarare tvert imot. Det kan vera eit supplement til dei tenestene biblioteka elles har. Så får det enkelte bibliotek ta stilling til kva dei brukar pengane på. Dei som var på Korg-dagane i fjor, fekk ein presentasjon av Keenious der.

Ein studie som samanliknar Keenious og Google Scholar kan oppsummerast med dette resultatet: «The participants perceive Keenious slightly more positively compared to Google Scholar as a system that inspires for learning and the retrieval of serendipitous results. Further, Keenious and Google Scholar are perceived to complement each other by retrieving different relevant results.» (Johansen & Borlund, 2022)

I tillegg tenker jo eg at alle som har bruk for Keenious i studier og forsking også har stor bruk for dei meir fagspesifikke databasane som eit fagbibliotek gjev tilgang til.


Studien er forresten denne, med min kollega Pia Borlund blant forfattarane:
Johansen, Jesper Solheim; Borlund, Pia (2022). Academic information searching and learning by use of Keenious and Google Scholar: a pilot study. Information research. Vol. 27.
https://doi.org/10.47989/colis2231


Beste helsing
Marit Kristine Ådland
Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag



From: Biblioteknorge <biblioteknorge-bounces at mailman.kunnskapsallmenning.no> On Behalf Of Anders Ericson via Biblioteknorge
Sent: Friday, April 12, 2024 12:14 PM
To: Biblioteknorge <biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no>
Subject: Unyttiggjering av biblioteket 3.0

Etter negative reaksjonar til meg privat, meiner eg denne sterkt NRK-profilerte tenesta bør bli debattert i bibliotekmiljøet:
https://bibliotekettarsaka.com/2024/04/10/unyttiggjeringa-av-biblioteket-3-0/

Ifølgje NRK har desse kjøpt tenesta til bruk for studentar:
Universitetet i Oslo
OsloMet
Universitetet i Stavanger
Universitetet i Bergen
Norges handelshøyskole
Forsvarets høgskole
Høgskolen på Vestlandet
UiT Norges arktiske universitet
Universitetet i Sørøst-Norge

Elles er dette dei mest lesne sakene på bloggen for tida:
·
· Meld deg inn i bibliotekforeininga og gå i fengsel<https://bibliotekettarsaka.com/2024/04/09/meld-deg-inn-i-bibliotekforeininga-og-ga-i-fengsel/>
· Mossemetoden for videoutlån i 2024!<https://bibliotekettarsaka.com/2024/02/02/mossemetoden-for-videoutlan-i-2024/>
· 23 000 bibliotekarer på ett brett!<https://bibliotekettarsaka.com/2018/02/03/23-000-bibliotekarer-pa-ett-brett/>
· Retten til å lese opp og sitere? Og leggje ut - for kor lenge?<https://bibliotekettarsaka.com/2020/07/16/retten-til-a-lese-opp-og-sitere-og-leggje-ut-for-kor-lenge/>
· Thomas Gramstad om den laust funderte nedlegginga av Biblioteknorge, og kva legg NB i å «bevare»?<https://bibliotekettarsaka.com/2020/08/28/thomas-gramstad-om-den-laust-funderte-nedlegginga-av-biblioteknorge-og-kva-legg-nb-i-a-bevare/>
· Meld deg på Biblioteknorge-lista igjen<https://bibliotekettarsaka.com/2020/09/13/meld-deg-pa-nye-biblioteknorge-lista/>
· Filmskivene lever i Moss<https://bibliotekettarsaka.com/2024/03/10/filmskivene-lever-i-moss/>
· What the Ukrainian and Russian library associations have said<https://bibliotekettarsaka.com/2022/03/04/what-the-ukrainian-and-russian-library-associations-have-said/>
· Gratis bibliotektenester, eit prinsipp under fleire åtak enn du trudde<https://bibliotekettarsaka.com/2023/05/24/gratis-bibliotektenester-eit-prinsipp-under-fleire-atak-enn-du-trudde/>

Helsing
Anders Ericson
+4797775170
https://bibliotekettarsaka.com<https://bibliotekettarsaka.com/>
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20240415/19d83b62/attachment-0001.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list