OBS: Kort frist: Ledig stilling som bibliotekar/spesialkonsulent

One Marthe Jostad Vik one.marthe.jostad.vik at mrfylke.no
Tue Nov 7 13:57:16 CET 2023


Søknadsfrist 12. november 2023:

Vil du vere med å bygge ein ny kommune?
Vi søker etter deg som ønskjer å gå inn i ei spennande stilling som bibliotekar/spesialkonsulent i Haram kommune.

Frå 01.01.2024 blir Ålesund kommune delt i to, og Haram blir eigen kommune. Gode heilskaplege tenester er i fokus. Ein vil ha særleg fokus på å spele kvarandre gode og jobbe på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv.

Arbeidsstad vil vere biblioteka i Haram, og oppstart blir så snart som mogleg..

Som tilsett på biblioteka ligg du organisert i fagområde Bibliotek, i kommunedirektøren sin stab. Fagområde blir leia av bibliotekleiaren.

Haramsbiblioteka består av fem folke- og kombinasjonsbibliotek med lokasjoner på Haramsøy, Longva, Lepsøy, Brattvåg og Vatne. Biblioteka har som si samfunnsoppgåve å vere ein uavhengig møteplass som er ope for alle. Alle biblioteka skal ha fokus på blant anna aktiv formidling av bøker og medier. Den reviderte nasjonale bibliotekstrategien nemner også viktigheita av å betre tilgongen på eit godt digitalt tenestetilbod på biblioteka i Noreg.

Les meir og søk på stillinga her: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/bc423e3c-90d4-4d8c-a692-13e93d93e9aa

One Marthe J. Vik
rådgivar bibliotek
kulturavdelinga - seksjon for arkiv, bibliotek og museum
Møre og Romsdal fylkeskommune

Tlf. 71 28 05 07
one.marthe.jostad.vik at mrfylke.no<mailto:one.marthe.jostad.vik at mrfylke.no>
mrfylke.no<http://www.mrfylke.no/>

[cid:image001.png at 01DA1182.504AF000]

-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20231107/697c2bdf/attachment-0001.htm>
-------------- next part --------------
A non-text attachment was scrubbed...
Name: image001.png
Type: image/png
Size: 12226 bytes
Desc: image001.png
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20231107/697c2bdf/attachment-0001.png>


More information about the Biblioteknorge mailing list