Biblioteka kan få rett til å låne ut e-media

Vidar Lund vl at norskbibliotekforening.no
Thu Nov 2 09:11:10 CET 2023


Godtfolk!

Det har lenge vore ein diskusjon om e-bøker og e-lydbøker i biblioteka. Vi kan låne ut, men etter ein dyr og dårleg modell.

I samband med handsaminga av boklova skjøna Stortinget at det er viktig at biblioteka faktisk får rett til å kjøpe og låne ut digitale verk, men bad regjeringa om å greie det ut i lys av EØS-retten.

No har vi kome dei i forkjøpet og fått ei juridisk utgreiing frå Advokatfirmaet Føyen AS ved Vebjørm Søndersrød, ein ekspert på opphavsrett. Han slår fast at det er fullt mogleg for staten å innføre ei ordning der biblioteka får kjøpe digitale verk til fastpris og låne dei ut etter det han vel å kalle "simuleringsmodellen", dvs at vi hermar etter den fysiske utlånsmodellen.

Les heile saka og utgreiinga her: https://norskbibliotekforening.no/9689-2/

Beste helsing
Vidar Lund
Leiar i Norsk Bibliotekforening
Tlf 40211624
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20231102/ac3a38fc/attachment.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list