Re: Kva skjer eigentleg med kulturarven når Nasjonalbiblioteket har digitalisert han?

Anders Ericson frilanders at gmail.com
Fri Oct 13 12:20:28 CEST 2023


Bastiansen stadfestar no i eit intervju med Bok og bibliotek
<https://bokogbibliotek.no/nyheter/nasjonalbiblioteket-under-lupa-i-ny-bok-6146/>
behovet
for ein kritisk analyse av Nasjonalbiblioteket dei siste tjue åra, noko
underteikna la hovudvekta på i bokomtalen tidlegare i veka
<https://bibliotekettarsaka.wpcomstaging.com/2023/10/09/238-ferske-boksider-om-nasjonalbiblioteket-men/>
.

Frå Bob-intervjuet:

"Bastiansen saknar ein offentleg debatt om korleis Nasjonalbiblioteket
løyser dette oppdraget, og betydninga av arbeidet, ut over det vellukka
imaget som «flinkast i klassen».
– Dei er sjølvsagt veldig dyktige, heilt på topp internasjonalt. Men det
har lenge mangla eit utanfrå-perspektiv på arbeidet deira. Som institusjon
er dei særs opptekne av å byggje eit positivt omdøme på kor flinke dei er,
og kor demokratisk viktig digitaliseringa er – og det er jo rett, men det
er også det einaste vi høyrer om arbeidet. Sett på spissen: Dei tuklar
teknologisk med kulturarven vår utan at nokon stiller spørsmål ved det".

I saka i BoB heiter det også: "Med boka ønskjer Bastiansen å fortelje om
betydninga av denne digitaliseringa til vanlege folk". Mens eg i bokomtalen
min meiner han svikter på dette feltet, og i staden fokuserer på betydninga
for forskarar.

Helsing
Anders Ericson
+4797775170
https://bibliotekettarsaka.com


man. 9. okt. 2023 kl. 20:34 skrev Anders Ericson <frilanders at gmail.com>:

> Eg har lese boka. Interessant, men...
>
> https://bibliotekettarsaka.wpcomstaging.com/2023/10/09/238-ferske-boksider-om-nasjonalbiblioteket-men/
>
> Helsing
> Anders Ericson
> +4797775170
> https://bibliotekettarsaka.com
>
>
> tor. 28. sep. 2023 kl. 10:55 skrev Mariann Schjeide via Biblioteknorge <
> biblioteknorge at mailman.kunnskapsallmenning.no>:
>
>> Professor Henrik G. Bastiansen er som meg tilsett ved Høgskulen i Volda,
>> og har forska på kva som skjer med digitaliseringa av kulturarven. Og han
>> har særleg sett på digitaliseringa som blir gjort av Nasjonalbiblioteket.
>> Det har resultert i boka *«Når fortiden blir digital. Medier, kilder og
>> historie i digitaliseringens tid*». Universitetsforlaget, 2023.
>>
>>
>>
>> Han seier mellom anna: «*Sett på spissen: Dei tuklar teknologisk med
>> kulturarven vår utan at nokon stiller spørsmål ved det*».
>>
>>
>>
>> Les meir om forskinga og boka her:
>>
>>
>> https://www.hivolda.no/forsking-og-utvikling/nasjonalbiblioteket-under-lupa-ny-bok?fbclid=IwAR0iYLN1q7KkLBKZN16uoXUyEbl7msSwTyyHDVbqfLATuXuejmmaijsmhKI
>>
>>
>>
>>
>>
>> Med vennleg helsing
>>
>> *Mariann Schjeide *Biblioteksjef
>>
>> Høgskulen i Volda
>>
>>
>>
>> Telefon: 70 07 50 43 | 415 44 647
>>
>> BK 276
>>
>> www.hivolda.no/biblioteket
>> <http://www.hivolda.no/hivolda/biblioteket?tabID=9220>
>>
>> Følg oss på Facebook
>> <https://www.facebook.com/H%C3%B8gskulen-i-Volda-Biblioteket-162112470561401/>,
>> Instagram <https://www.instagram.com/hivolda_biblioteket/> og Youtube
>> <https://www.youtube.com/channel/UCvBzF6e19VD-Mqymt8U6UAg>
>>
>>
>>
>>
>>
>>
>>
>>
>> --
>> Biblioteknorge mailing list
>> biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no
>> https://mailman.kunnskapsallmenning.no/mailman/listinfo/biblioteknorge
>>
>
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20231013/ff025884/attachment.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list