SV: Kva bok? Funne!

Siri Beate Gjerde siri.beate.gjerde at nynorsk.no
Mon Oct 2 11:08:39 CEST 2023


Tusen takk for MANGE svar. Det er boka ABC av Dagrun Skjelbred og Gro Dahle.
Eg ser på meg sjølv som ganske kompetent på søking i NB, men her fekk eg av ein eller annan grunn ikkje treff. Men kva gjer det når eg får så god hjelp, tusen takk!

Siri Beate Gjerde

Fra: Biblioteknorge <biblioteknorge-bounces at mailman.kunnskapsallmenning.no> På vegne av Siri Beate Gjerde via Biblioteknorge
Sendt: mandag 2. oktober 2023 09:50
Til: biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no
Emne: Kva bok?

Hei!

Eg har ei dame som er på leit etter ei ABC-bok. Ho hugsar omslaget som blått med ein hane på og at bokstavane hadde kvart sitt vers. Det er ikkje Olav H. Hauge si ABC-bok.
Etter hugs så seier ho at A var omlag sånn:


«Det var ein gong ein ananas som budde i eit palmepalass. Ein dag blei han plukka og lagt i ein kasse, og låg 15 dagar på lastebil-lasset. Så sigla han over Atlanterhavet, og havna til slutt i ein stor, tjukk mage. Der blei han blanda med ost og rosin, og blei besteven med ei appelsin».

Er det nokon som kjenner igjen dette?

Beste helsing

Siri Beate Gjerde
bibliotekar

Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda
Telefon 70 04 75 83
nynorsk.no<https://www.nynorsk.no/>

[cid:image001.png at 01D9F520.CB71ED20]





-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20231002/a2c55e8f/attachment.htm>
-------------- next part --------------
A non-text attachment was scrubbed...
Name: image001.png
Type: image/png
Size: 4089 bytes
Desc: image001.png
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20231002/a2c55e8f/attachment.png>


More information about the Biblioteknorge mailing list