Kjekk jobb ledig nær Oslo, nær Lillestrøm

Oddmund Kårevik oddmund.karevik at enebakk.kommune.no
Fri Jul 28 09:57:45 CEST 2023


Hei BibliotekNorge!

Minner om at denne veldig kjekke jobben er utlyst:
Ledig stilling | Biblioteksjef i Enebakk - Enebakk kommune<https://www.enebakk.kommune.no/ledige-stillinger-jobbe-i-enebakk-kommune/ledige-stillinger/biblioteksjef-i-enebakk.4165.aspx>

Enebakk treng deg som brenn for å skape gode bibliotektjenester og me satsar særleg på barn og unge.

Lurer du på noko om Enebakk?

Eg kan for eksempel fortelje deg at biblioteket ligg i Kirkebygda. Kirkebygda ligg 50 min. med buss frå Lillestrøm. Mens det er ein time med buss frå Oslo bussterminal hit. Det er sjølvsagt noko kortare om du har bil.

Eg har sjølv budd i Ytre Enebakk og kan verkeleg gå god for den plassen. No blir det også meir sentralt med Follobanen. Eg bruker 39 minutt frå huset mitt i Ytre Enebakk til Oslo med buss og tog.

Vil du snakka med meg eller nokon av dei kjekke kollegene mine som jobbar her?
Ta kontakt så sender eg deg evt. vidare.

Enebakk er ein stad med hjarte på rette staden. Her er mange gode samarbeidspartnarar som du som biblioteksjef kan finna på bra ting saman med. Det er ein plass med ein stolt kultur og identitet.

Viss du lurer på noko overordna eller praktisk rundt stillinga så er einhetsleiar Sonja Røhne den rette å snakka med. (mobil:928 22 183)

Meg når du på mobilnummer er: 95 12 73 75.

Viss du vil snakka med ein av kollegene mine - så kan eg setja dåke i kontakt.

Beste helsing frå

Oddmund Kårevik
Biblioteksjef
Enebakk bibliotek
Avd. for kultur, integrering og forebygging
Enebakk kommune
Telefon: 95127375
E-post: oddmund.karevik at enebakk.kommune.no<mailto:oddmund.karevik at enebakk.kommune.no>
www.enebakk.kommune.no<http://www.enebakk.kommune.no/>

[Beskrivelse: Enebakklogo]


-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20230728/1dff2803/attachment.htm>
-------------- next part --------------
A non-text attachment was scrubbed...
Name: image001.png
Type: image/png
Size: 1246 bytes
Desc: image001.png
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20230728/1dff2803/attachment.png>


More information about the Biblioteknorge mailing list