Rapport: Nybygg eller ombygging når ein skal planlegge framtidig bibliotekteneste

Mariann Schjeide mariann.schjeide at hivolda.no
Wed May 31 10:31:55 CEST 2023



Hausten 2021 fekk eg ein førespurnad frå Fredrikstad kommune om å ta på meg eit konsulentoppdrag. Kommunen skulle utgreie eit framtidig bibliotektilbod, og eit viktig aspekt var nybygg eller fortsetje drifta i eksisterande bygg. Bestillinga var ei utgreiing der dei etterlyste erfaringar frå bibliotek som hadde bygd nytt og/eller bygd om. Eg etterspurde erfaringar og synspunkt her inne på lista for å ha eit grunnlag å jobbe med. Og med på dette utgreiingsoppdraget fekk eg med meg  www.insam.no<http://www.insam.no> og Dag Erlend Lohne Mohn, som kan det prosessuelle rundt slike konsulentrapportar.

Eg fekk fleire førespurnader om å dele rapporten, men det kunne eg ikkje på det dåverande tidspunktet. Men no har rapporten vore oppe til politisk handsaming i Fredrikstad, og er såleis eit offentleg og ope dokument. Kva som blei utfallet veit eg ikkje i skrivande stund, men innstillinga var mellom anna å gå for påbygg på det eksisterande biblioteket, som er eit signalbygg i Fredrikstad.

Utgreiinga vår var visst for stor for å leggast til som vedlegg (37 sider), men eg sender ho gjerne på direkte førespurnad.

Med vennleg helsing
Mariann Schjeide
Biblioteksjef
Høgskulen i Volda

Telefon: 70 07 50 43 | 415 44 647
BK 276
www.hivolda.no/biblioteket<http://www.hivolda.no/hivolda/biblioteket?tabID=9220>
Følg oss på Facebook<https://www.facebook.com/H%C3%B8gskulen-i-Volda-Biblioteket-162112470561401/>, Instagram<https://www.instagram.com/hivolda_biblioteket/> og Youtube<https://www.youtube.com/channel/UCvBzF6e19VD-Mqymt8U6UAg>




-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20230531/8a2e9d6c/attachment.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list