PRESSEMELDING: Norsk Bibliotekforening skuffa over ny boklov

Vidar Lund vl at norskbibliotekforening.no
Fri Mar 31 13:31:26 CEST 2023


- Framlegget til boklov er utruleg skuffande for biblioteka og bibliotekbrukarane, seier Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening etter at den nye boklova vart lagt fram i dag.

I det endelege framlegget har Kulturdepartementet fjerna kravet om leveringsplikt av digitale lydbøker til biblioteka. - Vi er særs skuffa over at dette vart det endelege framlegget, og vil bruke høyringa på Stortinget for å få dette på plass igjen, understrekar Lund. - Dette er ein skikkeleg nedtur etter at statsråden har snakka varmt om kor viktig boklova er for biblioteka. Denne boklova gjer dessverre ingenting nytt eller betre for bibliotekbrukarane, seier Lund.

Folkebiblioteka låner i dag ut norske lydbøker og e-bøker gjennom appane Bookbites og Allbok. Dette er system der biblioteka ikkje får kjøpe e-bøker eller lydbøker, men må betale prisen av ei vanleg bok for å gje 6 lydboklån eller 10 e-boklån. Ei papirbok kan ofte lånast ut 100 gonger før ho er utslitt. Norsk Bibliotekforening krev at biblioteka må få kjøpe lydbøker og e-bøker til same prinsipp som fysiske bøker, det vil seie at ein får kjøpe ei digital bok som blir lånt ut til ein lånar av gongen så lenge biblioteket ønskjer å ha boka i samlinga.

- Opphavarane får allereie kompensasjon for at biblioteka låner ut bøkene gjennom bibliotekvederlaget. Dette vart gjort om til ei teknologinøytral ordning i siste forhandling. Då er det berre rimeleg at biblioteka sine innkjøp og blir behandla teknologinøytralt, seier Vidar Lund.
I høyringsrunden i haust støtta Norsk Bibliotekforening framlegget til ny lov, ut frå at ho sikra at biblioteka kan byggje breie samlingar og ikkje prioritere bestseljarane.

- Det prinsipielt verste med regjeringa sitt framlegg, er at dei let det vera opp til forlaga kva bøker biblioteka skal låne ut. Dette er ein heilt framand og farleg måte å tenkje bibliotek på. Biblioteka er fyrst og fremst for lånarane, og skal kunne tilby alt som blir publisert i Noreg.

Beste helsing
Vidar Lund
Leiar i Norsk bibliotekforening
Tlf. 40211624

www.norskbibliotekforening.no<http://www.norskbibliotekforening.no/>
[Justert logo NBF 2020]

-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20230331/1a9c1266/attachment.htm>
-------------- next part --------------
A non-text attachment was scrubbed...
Name: image001.jpg
Type: image/jpeg
Size: 5750 bytes
Desc: image001.jpg
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20230331/1a9c1266/attachment.jpg>


More information about the Biblioteknorge mailing list