Nettkurs i WebDewey

Marit Kristine Ådland maritkr at oslomet.no
Mon Mar 20 11:06:12 CET 2023


Her er eit Deweykurs som Nasjonalbiblioteket no har tilgjengeleg på sine nettsider:



https://bibliotekutvikling.no/2023/03/20/alt-du-ynskjer-a-vite-om-norsk-webdewey-i-nytt-kurs/

Nasjonalbiblioteket lanserer, i samarbeid med Biblioteksentralen og OsloMet, eit nytt nettkurs om Deweys desimalklassifikasjon og verktøyet Norsk WebDewey.

Her får du kunnskap om Deweysystemet, og du lærer å klassifisere frå grunnen av. I tillegg får du oversikt over verktøyet slik det er bygd opp og fungerer i dag, samt tips og triks til å nytte verktøyet i søkearbeidet.

Kurset er utarbeida av autoritetar på området. Det er Ingebjørg Rype ved Nasjonalbiblioteket i samarbeid med Marit Kristine Ådland ved OsloMet og Elise Conradi frå Biblioteksentralen som står bak dei ulike leksjonane. Tonje Sivertsen ved Nasjonalbiblioteket har utarbeida oppgåvesetta.

Sjølv om mange, særleg i folke- og skulebiblioteka, ikkje klassifiserer sjølve i særleg grad, er det likevel viktig at flest mogeleg får ein grunnleggjande kunnskap om verktøyet. Eit ekstra pluss er å få kunnskap om korleis Dewey kan nyttast i tenester til sluttbrukaren.



Beste helsing Marit Kristine Ådland, ABI, Oslomet

-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20230320/8921c7a7/attachment.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list