Re: Bibliotekarane vs. Bøygen og purregebyr vs. ikkje-bruk

Anders Ericson frilanders at gmail.com
Fri Sep 23 11:20:46 CEST 2022


Har aldri høyrt om bibliotek som har fått juridisk trøbbel ved å krevje
heilt daglegdagse erstatningar for tap.

Men tilbake til debatten: Eg minnar om US-amerikanske bibliotekaren Dawn
Wacek sitt TED-foredrag:
https://bibliotekettarsaka.com/2018/12/06/bort-med-botene/

Helsing
Anders Ericson
+4797775170
https://bibliotekettarsaka.com


fre. 23. sep. 2022 kl. 11:02 skrev Solund Bibliotek <
bibliotek at solund.kommune.no>:

> Godt spørsmål, Linda!
>
> Har vi ein sedvane rett til å krevje inn gebyr og erstatningskrav eller må
> det vere vedteke i kommunen sitt gebyrregulativ?
>
>
>
> Mvh Randi
>
>
>
> *Fra:* Linda Strand
> *Sendt:* fredag 23. september 2022 10:48
> *Til:* Solund Bibliotek <bibliotek at solund.kommune.no>;
> frilanders at gmail.com; Biblioteknorge <
> biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no>
> *Emne:* SV: Bibliotekarane vs. Bøygen og purregebyr vs. ikkje-bruk
>
>
>
> Hei!
>
>
>
> Eg tenkjer at me må vere sikre på at me har *heimel* for
> gebyr/innkrevjing, og at me handsamar lånarar likt.
>
>
>
> Korleis stiller lokale «purre-reglar» seg i forhold til regelverket knytt
> til andre pengekrav/lovreglar knytt til inkasso? Ei bok som ikkje blir
> betalt, og som endar opp med krav om betaling av pengesum, må vel kanskje
> krevjast inn etter reglar knytt til inkasso? Eg tenkjer til dømes på
> formalkrav knytt til tidsfristar, betalingsoppfordring og inkassovarsel.
>
>
>
> Nokon som veit?
>
>
>
> Med venleg helsing
>
>
>
> Linda Strand – Askvoll bibliotek
>
>
>
> *Fra:* Biblioteknorge [
> mailto:biblioteknorge-bounces at mailman.kunnskapsallmenning.no
> <biblioteknorge-bounces at mailman.kunnskapsallmenning.no>] *På vegne av*
> Solund Bibliotek via Biblioteknorge
> *Sendt:* fredag 23. september 2022 09:21
> *Til:* frilanders at gmail.com; Biblioteknorge <
> biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no>
> *Emne:* SV: Bibliotekarane vs. Bøygen og purregebyr vs. ikkje-bruk
>
>
>
> Ang. purregebyr; Eg syns i allefall at ein må få eit varsel og nokre dagar
> på seg før ein tek purregebyr, for det skal godt gjerast at det poppa opp i
> hodet til folk at akkurat den dagen må boka leverast,  (og då er du heldig
> viss du er i nærheita av biblioteket), levera du dagen etter venta det
> gebyr. Eg brukte å ta purregebyr etter 2. varsel, men har stort sett slutta
> med det, for det blei veldig urettferdig. Dei samvittigheitsfulle betalte,
> mens andre sneik seg unna, vel vitande om at eg ikkje har kapasitet til å
> drive innkrevjing.
>
>
>
> Mvh
>
> Randi Storøy
>
> Solund
>
>
>
> *Fra:* Biblioteknorge [
> mailto:biblioteknorge-bounces at mailman.kunnskapsallmenning.no
> <biblioteknorge-bounces at mailman.kunnskapsallmenning.no>] *På vegne av*
> Anders Ericson via Biblioteknorge
> *Sendt:* torsdag 22. september 2022 19:44
> *Til:* Biblioteknorge <biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no>
> *Emne:* Bibliotekarane vs. Bøygen og purregebyr vs. ikkje-bruk
>
>
>
> https://bibliotekettarsaka.com
>
>
>
> Mest nedlasta i veka som gjekk:
>
> ·         Prisen for purring
> <https://bibliotekettarsaka.com/2022/09/20/prisen-for-purring/>
>
> ·         Er ti på topp så topp?
> <https://bibliotekettarsaka.com/2022/01/17/er-ti-pa-topp-sa-topp/>
>
> ·         Meld deg på Biblioteknorge-lista igjen
> <https://bibliotekettarsaka.com/2020/09/13/meld-deg-pa-nye-biblioteknorge-lista/>
>
> ·         Sagt om bibliotek: Jon Bing, 2005
> <https://bibliotekettarsaka.com/2017/09/08/sagt-om-bibliotek-jon-bing-2005/>
>
> ·         Bibliotekstrategien: Bibliotek+demokrati er ikkje konkretisert
> <https://bibliotekettarsaka.com/2020/12/16/bibliotekstrategien-bibliotekdemokrati-er-ikkje-konkretisert/>
>
> ·         Bort med bøtene!
> <https://bibliotekettarsaka.com/2018/12/06/bort-med-botene/>
>
> ·         Bannlyste bibliotekbøker i USA og Noreg
> <https://bibliotekettarsaka.com/2020/10/22/bannlyste-bibliotekboker-i-usa-og-noreg/>
>
> ·         Er dette gullalderen for norske bibliotek?
> <https://bibliotekettarsaka.com/2020/12/06/er-dette-gullalderen-for-norske-bibliotek/>
>
> ·         Sagt om biblioteket: Zeshan Shakar
> <https://bibliotekettarsaka.com/2018/03/01/sagt-om-biblioteket-seshan-zakar/>
>
> ·         Angsten for biblioteket
> <https://bibliotekettarsaka.com/2022/07/01/angsten-for-biblioteket-2/>
>
> ·
>
> Helsing
> Anders Ericson
> +4797775170
>
> https://bibliotekettarsaka.com
>
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20220923/7aa5e470/attachment.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list