Ledig stilling som bibliotek- og kulturkonsulent i Lærdal kommune

Guro Nesse guronesse at gmail.com
Tue Sep 6 11:39:30 CEST 2022


Lærdal kommune lyser ut eit spennande engasjement som bibliotek- og
kulturkonsulent, frå snarast til og med 31.12.2023. Stillinga vil ligge
under eining for kultur og vere ein kombinert stilling mellom bibliotek og
administrasjon. Oppgåvene knytt til stillinga vil vere varierte og kunne
tilpassast kvalifikasjonane til den som får stillinga.


Kulturlivet i Lærdal er mangfalding og variert. Me har mellom anna kino,
bibliotek, kulturskule, ungdomsklubb, kulturminne og fritidstilbod til born
og unge. Stillinga som bibliotek- og kulturkonsulent vil arbeide med å
utvikle og styrke kulturlivet i kommunen og bidra til å gjere Lærdal til
ein stad både innbyggarar og turistar trivst. Eining for kultur er
involvert i fleire utviklingsprosjekt og tenestene er framoverlente og i
stadig endring. Formidling og møte mellom kultur, publikum og frivillige
vert ein viktig del av stillinga. Ein del av stillinga vil gå med på å
drifte Lærdal folkebibliotek. I dette arbeidet ligg driftsoppgåver som
betening av lånarar, formidling, gjennomføring av arrangement,
samlingsutvikling og samarbeid med andre kommunale tenester, samt lag og
organisasjonar.

Sjå meir informasjon om stillinga:
https://laerdal.easycruit.com/vacancy/3014755/227239?iso=nn

Søknadsfrist er 20. september 2022.

Venleg helsing

Guro Nesse
Rådgjevar kultur og informasjon
Lærdal kommune
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20220906/5ad1cb55/attachment.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list