SV: Bibliotek og kulturskole - saman?

Soldal, Ragna Helene RhVe at kvam.kommune.no
Fri Aug 12 13:27:16 CEST 2022


Ja, i Kvam 😊
Det vil seie: Me held til i same hus, og har nokre rom ilag og heilt felles lyklar.
Kvam kulturskule flytta inn i nye lokaler i etasjen under hovudbiblioteket biblioteket ved årsskiftet. Romma er pussa opp i sprakande fargar og kreativt interiør. Me samarbeider om mykje, og skal endå meir.  Me på biblioteket opplever at samlokaliseringa er kjempepositiv. Mange born, foreldre og besteforeldre brukar biblioteket som «venterom» no. Dette fører jo til at fleire enn før vert klar over kva tilbod me har og vert aktive brukarar av biblioteket.
Magasinet vårt liggfaktisk  i sjølve kulturskulen, og kulturskulen har korøvingar i biblioteket om onsdagane.
Men eg må presisera: Me har biblioteksjef og kulturskulesjef , det er berre lokala som er  overlappande.
Me er kjempenøgde.


RagnaHelene Soldal
Biblioteksjef
Tlf: 92081202
Kvam bibliotek<https://www.kvam.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kvam-bibliotek/>
Tlf biblioteket: 47645729



Fra: Biblioteknorge <biblioteknorge-bounces at mailman.kunnskapsallmenning.no> På vegne av Anders Ericson via Biblioteknorge
Sendt: fredag 12. august 2022 12:37
Til: Biblioteknorge <biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no>
Emne: Bibliotek og kulturskole - saman?

Finst dette «konseptet» nokon stad?--
Hilsen
Anders Ericson
+4797775170
https://bibliotekettarsaka.com
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20220812/dc03ba38/attachment.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list