Emnedatakomiteen om Norart

Marit Kristine Ådland maritkr at oslomet.no
Thu Jun 23 09:36:08 CEST 2022


Norart vart tema på møte i Emnedatakomiteen (EDK) 14. juni. Frå referatet under sak 9:22



Avvikling av Norart



Medlemer i Emnedatakomiteen uttrykte bekymring for korleis informasjonsbehova Norart i dag bidrar til svar på, skal dekkast framover ved avvikling av tenesta. Den nye løysinga Nasjonalbiblioteket skisserer framstår som uferdig. Sjølv om delar av datamaterialet kan vera tilgjengeleg i andre former, vil metadata med blant anna klassifikasjonskodar knyta Norart-materialet saman med andre databasar der Dewey er i bruk, både nasjonalt og internasjonalt.
Det at Norart etter kvart ligg i Alma, gjev god tilgang framover. Og fulltekstbaserte søk har potensiale for å møta mange behov. Men det vil vera behov for i det minste grunnleggande metadata knytt til artiklane og innhaldet i dei, og det er behov at nytt materiale vert registrert og lagt til også før ei fornya løysing er på plass.


Heile referatet ligg her: https://bibliotekutvikling.no/kunnskapsorganisering/norsk-komite-for-emnedata-tidligere-nkki/arsmeldinger-og-motereferat/
(det er også eg som har skrive referatet)

Denne meldinga ligg også på forumet på Bibliotekutvikling.no. For dei som ikkje har sett det alt: På Bibliotekutvikling.no ligg det også eit nyt svar frå Nasjonalbiblioteket, som ikkje er lagt ut her på Biblioteknorge.


Beste helsing Marit Kristine Ådland
OsloMet

-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20220623/221310b1/attachment.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list