Lyst å jobba med arrangement? Bli programansvarleg i Øygardsbiblioteka

Åshild Andersson Øyre Ashild.Oyre at oygarden.kommune.no
Wed May 18 09:43:50 CEST 2022


Ledig 100% fast stilling i Øygardsbiblioteka som Programansvarleg

Øygarden kommune er Vestland sin nest største kommune med over 39 000 innbyggjarar. Vi er ein attraktiv og viktig kommune i bergensregionen med engasjerte innbyggjarar som kvar dag bidrar til å gjere sitt lokalsamfunn betre.  Innbyggjartorg og bibliotek er naturlege kulturelle aktivitetspunkt og kommunens fyrstelinje til tenestene. Innbyggjarane finn oss på Rong, i Skogsskiftet og Straume. Kommunesenteret på Straume er ein 15 minutt busstur frå Bergen.
No leitar vi etter deg som ynskjer ei sentral rolle i å planlegga, marknadsføra og gjennomføra vårt arrangementstilbod. Vi kan lova deg eit utfordrande og spanande arbeid i ein ny kommune med store ambisjonar. 150 000 utdelte covid-hurtigtestar på innbyggjartorga i 2021 er historie. No er målet 150 små og store årlege arrangement for innbyggjarane.
Bibliotektenesta og innbyggjartorg er organisert under felles leiing i stabsområdet service. Avdelinga består av høgt kvalifiserte tilsette innan bibliotek- og servicefag som gler seg til å styrka arbeidsplassen med nye tilsette.
Arbeidsoppgåver

  *   Du vil ha ansvar for å utvikle, koordinere og gjennomføre både små og større arrangement.
  *   Samarbeid og samskaping med lokalsamfunnet. I det vidare oppbygginga av tilbodet vårt blir det utstrakt samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.
  *   Marknadsføring av arrangementer mot ulike målgrupper.
  *   Delta i dagleg drift. Kvelds- og helgevakter i felles vaktplan.

Kvalifikasjonar

  *   Relevant master- eller bachelorgrad. Det kan til dømes vere innan bibliotek- og informasjonsfag, kommunikasjon og media, litteratur og kulturfag.
  *   Erfaring med formidling. Framifrå skriftleg og munnleg formuleringsevne.
  *   Erfaring med planlegging, koordinering og gjennomføring av arrangement.
  *   Kompetanse på digital og analog marknadsføring.
  *   God oversikt over kulturfeltet nasjonalt og regionalt.
  *   Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar
Vi ynskjer ein kollega med godt humør, pågangsmot, kraft og initiativ som har evne til å tenka kreativt i utviklinga av arrangementstilbodet. Du har gode samarbeidsevner, er utadvent og allsidig. Du må vera komfortabel med å snakka i store forsamlingar.
Vi tilbyr:

  *   Gode pensjons- og forsikringsordningar
  *   IA-verksemd
  *   Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  *   Interessante utfordringar
  *   Høve til fagleg og personleg utvikling



[https://www.oygarden.kommune.no/kunde/static/oygarden_logo_signatur_epost.png]
Åshild Andersson Øyre
Bibliotekar Øygardsbiblioteka
www.oybib.no<http://www.oybib.no/>
www.oygarden.kommune.no<http://www.oygarden.kommune.no/>


-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20220518/633e1b1e/attachment-0001.htm>
-------------- next part --------------
A non-text attachment was scrubbed...
Name: image001.png
Type: image/png
Size: 10231 bytes
Desc: image001.png
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20220518/633e1b1e/attachment-0001.png>


More information about the Biblioteknorge mailing list