Ledig vikariat på Voss!

Ritha Helland Ritha.Helland at voss.herad.no
Thu Apr 28 13:05:49 CEST 2022


Gode biblioteksfolk!

Me har eit kjekt vikariat ledig frå 1.juni, perfekt for deg som er nyutdanna, for deg som kunne tenkje deg å skifte arbeidsstad eller for deg som ikkje er komen inn i arbeidsmarknaden.

Utlysinga er på Finn.no: https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=255658371
Du kan søkje på stillinga ved å følgje denne lenkja: https://rekruttering.voss.kommune.no/recruitmentVK/opening?1

«Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Heradet har om lag 15.800 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter.
Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.
Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i heradet. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt.
På vanleg vossa-vis går me for å verta verdas beste herad!»

Beste helsing
Voss herad

Ritha Helland
Biblioteksjef
Tlf +47 952 62 005

[cid:image001.png at 01D85AFF.A7BCFAD0]
Profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande




-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20220428/812f9e3f/attachment-0001.htm>
-------------- next part --------------
A non-text attachment was scrubbed...
Name: image001.png
Type: image/png
Size: 15905 bytes
Desc: image001.png
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20220428/812f9e3f/attachment-0001.png>


More information about the Biblioteknorge mailing list