Kunnskapsorganisasjonsdagane 2.-3. juni

Marit Kristine Ådland maritkr at oslomet.no
Mon Mar 28 08:44:13 CEST 2022


Programmet for Kunnskapsorganisasjonsdagane er snart klart, og det er mykje å gleda seg til. Av det som er klart kan me nemna:


  *   MARC er død - leve entitetane! - Eit dykk ned i entitetsorienterte metadata med innlegg om ulike prosjekt og ulike aktørar som UiO, BS, Axiell.
  *   Andrew Macfarlane frå City University of London vil snakka om informasjonsgjenfinning og systematiske søk.
  *   Ragnhild Holgersen frå Deichman bibliotek vil fortelja om korleis dei analyserer bibliografiske data og utlånsdata for å skapa betre tenester.
  *   Jenny Ostrop frå UIB vil fortelja om gjenfinning i, og gjenbruk av, forskingsdata.
  *   Jørgen Schyberg vil presentera NB sitt nye anbefalingssystem Maken.

I år blir Korg-dagane fysiske i Pilestredet i Oslo. Det blir fint å treffast igjen! Endeleg program og påmelding kjem om ikkje så lenge.

Beste helsing
Marit Kristine Ådland
David Massey


-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20220328/bf736a2d/attachment.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list