Ledig 100% stilling i Øygardsbiblioteka

Åshild Andersson Øyre Ashild.Oyre at oygarden.kommune.no
Wed Feb 16 13:11:27 CET 2022


Øygardsbiblioteka søkjer no etter bibliotekar i 100% fast stilling.

Øygarden kommune er Vestland sin nest største kommune. Vi er ein attraktiv og viktig kommune i bergensregionen med engasjerte innbyggjarar som kvar dag bidreg til å gjere sitt lokalsamfunn betre. Innbyggjartorg og bibliotek er naturlege kulturelle aktivitetspunkt og kommunens fyrstelinje til tenestene. Innbyggjarane finn oss på Rong, i Skogsskiftet og Straume.

No leitar vi etter ein bibliotekar som kan begeistra og engasjera. Du trivs i møte med born og unge, og vil ha som viktig arbeidsoppgåve å formidla bok- og mediesamlinga vår til born i skule og barnehage-alder. Vi ønskjer oss ein ny kollega som kan vere med oss å utvikla tenestene i kontakt og dialog med lokalsamfunna og målgruppene våre.

Bibliotektenesta og innbyggjartorg er organisert under felles leiing i stabsområdet service. Avdelinga består av høgt kvalifiserte tilsette innan bibliotek- og servicefag som gler seg til å styrka arbeidsplassen med nye tilsette.

Arbeidsoppgåver

  *   Aktiv formidlar med born og unge som hovudmålgruppe. Her inngår spesielt formidling av bok- og mediesamlinga for skular/barnehagar ved besøk i biblioteket og/eller ved besøk på skular.
  *   Delta i planlegging og gjennomføring av arrangement. Både arrangement retta mot born og andre grupper.
  *   Samarbeid og samskaping med lokalsamfunnet. I det vidare oppbygginga av tilbodet vårt blir det utstrakt samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.
  *   Skranke- og publikumsarbeid med bibliotekfaglege kjerneoppgåver og generelle tenester til alle innbyggjarar. Kvelds- og helgevaktar i felles vaktplan.

Kvalifikasjonar

  *   Relevant bachelorgrad. Det kan til dømes vere innan bibliotek- og informasjonsfag, kommunikasjon, pedagogikk, litteratur og kultur, drama og teater.

Ønskjeleg med

  *   Erfaring med formidling til born og unge.
  *   Erfaring med planlegging og gjennomføring av arrangement.
  *   Erfaring frå frivillig arbeid.
  *   Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar

Vi ønskjer ein kollega med godt humør, pågangsmot, kraft og initiativ som har evne til å tenka kreativt i utviklinga av bibliotektenester. Du har gode samarbeidsevner, er utadvent og allsidig. Du må vera komfortabel med å snakka i store forsamlingar.


Sjå full utlysing på Øygarden kommune si heimeside<https://oygarden.easycruit.com/vacancy/2884065/200565?iso=nn>. Søknadsfrist: 6. mars.


Vennleg helsing

[https://www.oygarden.kommune.no/kunde/static/oygarden_logo_signatur_epost.png]
Åshild Andersson Øyre
Bibliotekar Øygardsbiblioteka
www.oybib.no<http://www.oybib.no/>
www.oygarden.kommune.no<http://www.oygarden.kommune.no/>


-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20220216/3e10b6fe/attachment-0001.htm>
-------------- next part --------------
A non-text attachment was scrubbed...
Name: image001.png
Type: image/png
Size: 10231 bytes
Desc: image001.png
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20220216/3e10b6fe/attachment-0001.png>


More information about the Biblioteknorge mailing list