RE: Kategorier på barne/ungdomsbøker

Marit Kristine Ådland maritkr at oslomet.no
Wed Dec 1 15:45:48 CET 2021


Her er det ulike inndelingskriterium i bruk i kategoriane: målform, sjanger og nivå (Lettlest). Dermed kan både Nynorsk-kategorien og Lettlest-kategorien innehalda gode bøker innanfor dei andre kategoriane. Og omvend, det er for eksempel rom for å plassera lettlest spenningslitteratur både i Spenning-kategorien og i Lettlest-kategorien. Sånn er det når kategoriane ikkje er gjensidig utelukkande.

Hadde det vore ein tesaurus eller eit klassifikasjonsskjema som skulle lagast, ville eg nok også reagert litt. Men i kategoriar for hylleplassering i ei delsamling synest eg vel dette skjer ganske ofte i biblioteka, og det kan fungera fint. Det er berre lurt å vera medvitne når ein skal driva formidling i biblioteket: Ein del god litteratur kan vera «gøymt» på kategoriar som nokon potensielle lesarar i første omgang tenker er uinteressante - som Lettlest eller Nynorsk.

Så er det jo interessant å tenka på korleis folk kan finna nynorske bøker best: Blant dei andre eller i eigen kategori? Ein eigen kategori gjer det lett å finna nynorske bøker for born og unge som ser etter slike bøker, for eksempel i tilknytning til norsk-undervising. Og så kan vel andre ha glede eller nytte av å snubla over nynorsk midt mellom andre bøker, på jakt etter ein sjanger eller eit tema dei veit dei likar?

(Men det eg lurte mest på då eg såg lista over kategoriar, var kva de skal kalla kategorien for litteratur som ikkje passar i nokon av kategoriane?)

Og for å svara på spørsmålet til Veronica Schevik: Viss de ikkje alt har gjort det, ville eg ha laga ein eigen kategori for eventyr.

Beste helsing
Marit Kristine Ådland


From: Biblioteknorge <biblioteknorge-bounces at mailman.kunnskapsallmenning.no> On Behalf Of Marit Opland Savic via Biblioteknorge
Sent: Wednesday, December 1, 2021 12:35 PM
To: biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no; Veronica Schevik <Veronica.Schevik at lunner.kommune.no>
Subject: Sv: Kategorier på barne/ungdomsbøker

Hei!

Jeg reagerer på at nynorsk litteratur skilles ut som en egen kategori. Det er en målform der du kan finne gode bøker innenfor de andre kategoriene som nevnes her.

Mvh
Marit O. Savic
________________________________
Fra: Biblioteknorge <biblioteknorge-bounces at mailman.kunnskapsallmenning.no<mailto:biblioteknorge-bounces at mailman.kunnskapsallmenning.no>> på vegne av Veronica Schevik via Biblioteknorge <biblioteknorge at mailman.kunnskapsallmenning.no<mailto:biblioteknorge at mailman.kunnskapsallmenning.no>>
Sendt: tirsdag 30. november 2021 10:41
Til: biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no<mailto:biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no> <biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no<mailto:biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no>>
Emne: Kategorier på barne/ungdomsbøker


Vi er i gang med å forberede samlingen til meråpent bibliotek.

Har derfor tenkt å kategorisere skjønnlitteratur barne-/ungdomsbøker først og fremst. Vi har tenkt følgende kategorier:

                Nynorsk

                Humor

                Fantasi/schifi

                Spenning

                Krim

                Kjærlighet

                Grøss

                Lettlest





Noen som har andre kategorier som vi ikke har tenkt på? Eller har dere erfaring med slik deling så hører vi gjerne fra dere også :)









Vennlig hilsen

Veronica Schevik

Bibliotekar
Tlf.: 477 17 633 | E-post: Veronica.Schevik at lunner.kommune.no<mailto:Veronica.Schevik at lunner.kommune.no>

________________________________

[Kommune- våpen]

Bibliotek
Hadelandsvegen 2195

2740 Roa
tlf.: 47717633

https://bibliotek.lunner.kommune.no/<https://eur02.safelinks.protection.outlook.com/?url=https%3A%2F%2Furl12.mailanyone.net%2Fv1%2F%3Fm%3D1ms16A-0006fE-4O%26i%3D57e1b682%26c%3DT9pbj_ZNZcpIpFPmV45DQRHtHRb55druyVckz0BXNBI-iz5uxq7H32efZWwlBirOP-3Gwgt-kLflUqnhOb70tPJa3WGY8yMfGYMF45O-68MrxTSrdTYLQEqAJagZ0kTexGLpq6zQckwZEsKyiIkbOJ2bYLW8OtX1ISddYRiLN9l5AEA3MIY-WAGWZeoOCPFPtiiexUFxLty2xSlcGw7KFw11xI4eOESz7l8GXLw08-UKVDYaZ_FqII2nsdxcjZgc&data=04%7C01%7Cmaritkr%40oslomet.no%7Cf8fdb22e7ecc4194acb308d9b4cb96a4%7Cfec81f12628645508911f446fcdafa1f%7C0%7C0%7C637739609534916808%7CUnknown%7CTWFpbGZsb3d8eyJWIjoiMC4wLjAwMDAiLCJQIjoiV2luMzIiLCJBTiI6Ik1haWwiLCJXVCI6Mn0%3D%7C2000&sdata=T8BKfFxM%2FWn22jixNsX5H0rALCPo4MZUaFCeXtKVnFE%3D&reserved=0>








-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20211201/150a1f18/attachment-0001.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list