Ledig stilling som biblioteksjef på Høgskulen i Volda frå 1. februar 2022

Kirsti Langstøyl kirsti.langstoyl at hivolda.no
Mon Nov 29 10:01:49 CET 2021


Hei,


Vi minner om at det er ledig 100 % fast stilling som biblioteksjef på Høgskulen i Volda frå 1. februar 2022.

Biblioteket ved Høgskulen i Volda leverer kunnskapstenester og forskingsstøtte for 4000 studentar og 350 tilsette, og som biblioteksjef vil du ha både det faglege og administrative leiaransvaret for høgskulebiblioteket.

Vi arbeider aktivt med å skape eit inspirerande læringsmiljø og utvikle gode tilbod innan informasjonskompetanse, akademisk skriving og forskarstøtte. Biblioteket har for tida elleve tilsette og fire studentvakter.
Vi ser etter deg som er ein positiv og fagleg engasjert person, og som vil vere ein pådrivar i utviklinga av eit moderne og framtidsretta bibliotek på Høgskulen i Volda.



Søknadsfristen er 2. desember.

Les meir om stillinga her:
https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/215216/biblioteksjef-stnr58-21<https://eur02.safelinks.protection.outlook.com/?url=https%3A%2F%2Fwww.jobbnorge.no%2Fnn-no%2Fledige-stillingar%2Fstilling%2F215216%2Fbiblioteksjef-stnr58-21&data=04%7C01%7Ckirsti.langstoyl%40hivolda.no%7C9cb21fd48c3540d1b18108d9a487f13b%7Ca2b04c983e8b47a397e1376b9a0197ee%7C1%7C0%7C637721726630556486%7CUnknown%7CTWFpbGZsb3d8eyJWIjoiMC4wLjAwMDAiLCJQIjoiV2luMzIiLCJBTiI6Ik1haWwiLCJXVCI6Mn0%3D%7C3000&sdata=%2F7iCo3ZzhCqSfuzdviagB7anNRXvRuY%2BnWTMpxwWkEc%3D&reserved=0>

--------------------------------------------------------

Med vennleg helsing
Kirsti Langstøyl
Spesialbibliotekar | Biblioteket
Høgskulen i Volda

-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20211129/8bbe3060/attachment-0001.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list