Kristin Flood på bLEST Litteraturfest

Bjørg Anlaug Rørtveit Bjorg-Anlaug.Rortveit at tysver.kommune.no
Mon Nov 29 13:41:19 CET 2021


Forfattar Kristin Flood presenterte si nye bok Dantes Inferno akkompagnert av saxofonist Rolf Erik Nystrøm og kammerorkesteret Munor frå Haugesund på bLEST Litteraturfest i Tysvær i oktober. Forestillinga var en suksess. Presentasjonen var laga som ein kombinasjon av foredrag og framføring, der forfattaren fortalte om diktaren og verket og leste deler av teksten på rim, med nykomponert musikk av Rolf-Erik Nystrøm.
Kristin Flood ga ut Norges første lettleste gjenfortelling av Dante Alighieris klassiske verk Inferno i samband med 700 års jubileet for den store, italienske diktaren dette året.
Ho har også tidligare besøkt oss i Tysvær, då med presentasjon av dei andre bøkene sine, og hennar foredrag er levande, underhaldande og fengande.
Men nå er det altså Dante som står i folkus, i ein presentasjon som kan gjerast både med og utan musikalske innslag.
Eg kan anbefale andre bibliotek eit besøk av henne.
Kontaktinfo finn du her https://www.kristinflood.com/kristinflood/index.php
Helsing Bjørg Rørtveit, Tysvær bibliotek




-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20211129/53268e33/attachment.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list