Ønskjer forslag på bibliotek til utgreiingsarbeid

Mariann Schjeide mariann.schjeide at gmail.com
Thu Aug 5 13:20:52 CEST 2021


Hei bibliotekfolk, - tilsette og brukarar! Saman med Insam i Drammen
arbeider eg for tida med eit kartleggingsprosjekt. Vi skal presentere
bibliotek som har fått nybygg, halde på med ombygging, blitt del av til
dømes eit kulturhus eller har tenkt heilt nytt i bygget dei held til i. Når
det gjeld det siste tenker vi på til dømes endringar i gamle signalbygg.
Generell oppussing/ommøblering reknar vi ikkje inn. Vi har ei liste
allereie, men det er nok mykje vi ikkje har oversikt over/veit om. Vi er
glade for alle tips! Skriv gjerne til meg direkte om du ikkje ønskjer å
skrive på lista.

Helsing
Mariann Schjeide
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20210805/84f4cd15/attachment.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list