Vil du vera med på årets digitale IFLA-konferanse?

Vidar Lund vl at norskbibliotekforening.no
Wed Jun 30 12:18:25 CEST 2021


Norsk Bibliotekforening dekkjer deltakaravgifta på inntil €65 for inntil 50 medlemer i foreininga som vil vera med på IFLA WLIC 2021 17.-19. august. Konferansen er heildigital.

Søknadsfristen er 1. juli. Dersom vi får fleire enn 50 søkarar vil sekretariatet i NBF velje ut 50 deltakarar gjennom å prioritere medlemer som ikkje har vore med før, yngre medlemer og medlemer frå ulike bibliotektypar.

Søknadsskjemaet ligg her: https://forms.office.com/r/HgQGaSBp6k. Ved å fylle ut og sende inn dette skjemaet, godtek innsendaren at Norsk Bibliotekforening deler dei registrerte data ved påmelding til IFLA WLIC 2021 etter vilkåra på denne sida. https://www.ifla-wlic2021.com/registrations/page/agreement.

Les meir om konferansen her: https://www.ifla-wlic2021.com/

Konferansen er på engelsk, og vi ber om at du skriv på engelsk i alle spørsmåla der du skal formulere noko sjølv.

Når du får stadfesta at du får gratis deltaking, får du ein rabattkode du skal bruke ved registrering på nettsida til IFLA WLIC 2021.

Beste helsing
Vidar Lund
Leiar i Norsk bibliotekforening
Tlf. 40211624

www.norskbibliotekforening.no<http://www.norskbibliotekforening.no/>
[Justert logo NBF 2020]

Bli medlem – send BIBLIOTEK til 27222 og ver med ut 2021 for kr 200.

-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20210630/94afcfdf/attachment.htm>
-------------- next part --------------
A non-text attachment was scrubbed...
Name: image001.jpg
Type: image/jpeg
Size: 5750 bytes
Desc: image001.jpg
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20210630/94afcfdf/attachment.jpg>


More information about the Biblioteknorge mailing list