Ledig 100% stilling som bibliotekar i Sunnfjord kommune

Jorun Systad Jorun.Systad at sunnfjord.kommune.no
Mon Jun 7 12:57:31 CEST 2021


Hei!!
Vi lyser ut ei spennande stilling som bibliotekar i Sunnfjord kommune!
Du skal ha ansvar for den daglege drifta av Sande kombinasjonsbibliotek og vakter på Førde bibliotek.

Sande bibliotek ligg i sentrum av tidlegare Gaular kommune. (No Sunnfjord). Biblioteket vart renovert i 2019, har meiropeløysing, er oversiktleg og moderne innreia. Du finn fleire koselege sittegrupper, eige ungdomsrom og arbeidsplassar med PCar til utlån. Biblioteket er mykje brukt av elevane på Sande skule. Framover skal vi bygge opp eit kombinert folkebibliotek, skulebibliotek og tenestetorg på Sande, for å gje ei betre samla teneste for innbyggarane.

Lenke til utlysning: søknadsfrist er 19. juni.

Søk på stillinga her <https://sunnfjord.easycruit.com/vacancy/2716957/191749?iso=nn>

Med vennleg helsing

Jorun Systad
Einingsleiar for bibliotek / Library Director
Biblioteka i Sunnfjord kommune
Tlf: +47 979 98 980

Sunnfjord kommune
Sentralbord: 57 72 20 00
www.sunnfjord.kommune.no<http://sunnfjord.kommune.no/>

E-postar som vert ein del av vår saksbehandling eller har verdi som dokumentasjon, vil bli registrert i vårt saksbehandlingssystem og arkivert der. Treng du å sende sensitive opplysningar til oss, kan du nytte skjema her: Elektronisk skjema for sensitive opplysningar<https://svarut.ks.no/edialog/mottaker/921244207>


-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20210607/40001be7/attachment.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list