Ledig 100% fast stilling som spesialbibliotekar ved Høgskulen i Volda frå 1. august 2021

Kirsti Langstøyl kirsti.langstoyl at hivolda.no
Wed May 26 15:32:35 CEST 2021


Hei,

Ved Høgskulen i Volda, biblioteket, er det ledig ei 100% fast stilling som spesialbibliotekar frå 1. august 2021.   
Biblioteket ved Høgskulen i Volda leverer kunnskapstenester og forskingsstøtte for 4000 studentar og 350 tilsette. Vi er ein kunnskapsorganisasjon i endring og treng ein ny medarbeidar på laget som vil vere med og utvikle framtidas bibliotek. Vi har eit tett samarbeid med studentar og fagtilsette, innbydande lokale med meirope-ordning og ein læringsverkstad for digital utvikling. Vi er elleve tilsette og fire studentvakter. 

Vi leitar etter deg som er open for nye tankar om framtidas bibliotek, ser løysingar og liker ein hektisk og variert arbeidskvardag. Vi ser etter ein utadvent og positiv relasjonsbyggar som kan jobbe inn mot fagmiljøa. Vi har eit godt arbeidsmiljø og legg stor vekt på trivsel i kvardagen. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.  

Søknadsfristen er 10. juni. Meir informasjon om stillingsutlysinga finn du her: https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/206887/spesialbibliotekar-stnr-43-2021

------------------------------------------
Med vennleg helsing
Kirsti Langstøyl
Spesialbibliotekar | Biblioteket
Høgskulen i Volda

-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <https://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20210526/df7a49af/attachment.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list