Bli med i prosjektet "Beste norske 2018-2020"!

Mundal, Rita Rita.Mundal at lom.kommune.no
Wed Mar 10 15:55:54 CET 2021


Hei Bibliotek-Norge,

I Bokåret 2019 tok Lom folkebibliotek initiativ til prosjektet Moderne klassikarar. 25 nye norske.
Fire av våre fremste litteraturkritikarar kåra dei 25 bøkene med størst klassikar-potensial utgjeve i åra 2013 til 2017. http://lomfolkebibliotek.no/Klassikarane

Bøkene vart presenterte med korte omtaler skrive av kritikarane. http://lomfolkebibliotek.no/

66 bibliotek frå rundt om i heile landet var med i prosjektet. Biblioteka som var med, hadde utstillingar, presenterte bøkene med omtaler på eigne nettsider, delte ut leseskjema der lånarane registrerte bøkene dei las, nokre hadde forfattarbesøk, arrangement og lesesirklar. Vi fekk mange svært positive og hyggelege attendemeldingar og var supertilfredse med prosjektet, oppslutning og interesse både lokalt og elles i landet.

Vi vil med dette invitere til prosjektet Beste norske 2018-2020. Vi har på ny invitert med fire topp litteraturkritikarar, Janneken Øverland og Bernhard Ellefsen som også var med i klassikar-prosjektet, Margunn Vikingstad og Anne Merethe Prinos. Kritikarane skal koma fram til ei liste med dei beste norske, skjønnlitterære utgjevingane frå åra 2018 til 2020, fem titlar frå kvart år. 16. april skal kritikarane møtast og diskutere seg fram til ei liste med dei 15 beste.

Vi startar opp med presentasjon av bøkene 6. september. Ei ny bok blir presentert kvar veke i 15 veker fram til 13. desember. Som sist oppfordrar vi biblioteka som blir med om å lage utstillingar, henge opp plakatar, dele ut bokmerke, dele presentasjonane som blir lagt ut i sosiale medium, dele ut leseskjema og oppfordre lånarane til å bli med og lesa bøkene.

Vi vil opprette side på facebook der vi håpar å få til diskusjonar og engasjement rundt bøkene. Målet er å få til ein stor lesesirkel der folk frå heile landet kan delta og diskutere bøkene.

Prisen for å delta i prosjektet Beste norske 2018-2020 er 1000 kr per bibliotek. Biblioteka får plakatar, bokmerke, presentasjonsplakatar av alle bøkene og omtalene som kritikarane har skrive.

Vi håpar mange bibliotek frå heile landet blir med! Viss de veit om bibliotek som ikkje er med på biblioteknorge-lista, så ver venlege å spreie ordet.

Påmelding innan 19. mars til biblioteket at lom.kommune.no<mailto:biblioteket at lom.kommune.no>

Med venleg helsing
Rita Mundal
bibliotekleiar
Lom folkebibliotek
Tlf: 47 71 18 09
rita.mundal at lom.kommune.no<mailto:rita.mundal at lom.kommune.no>

bibliotekleiar
Skjåk folkebibliotek
Tlf: 90 94 70 20
rita.mundal at skjaak.kommune.no<mailto:rita.mundal at skjaak.kommune.no>







-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <http://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20210310/2cf600dd/attachment.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list