Kassere lyrikk

Anders Ericson frilanders at gmail.com
Wed Feb 24 14:05:39 CET 2021


Ein gong mellom 1977 og -81, då eg var biblioteksjef i Vestby, gjorde eg ei
utstilling av og om lyrikk; om ulike måtar lyrikk blir brukt på. For å få
fram at det er meir enn små og lite påkosta bøker.

Eg fotograferte denne, men finn ikkje fotoa no. Men i tillegg til
diktsamlingar hadde eg også ei oppslagstavle med alt frå utklipp frå aviser
(på den tida hadde Dagbladet eit dikt av ein meir eller mindre kjend
lyrikar på side 3 kvar dag; no er det vel berre Klassekampen som har ein
fast spalte, kvar laurdag i Bokmagasinet?) via songar (tonsetting og
innspeling/framføring basert på dikt) til politiske plakatar med lyrikk.
Hugser vel at eg brukte Neruda.

Og eg viste døme på ulike dikt-sjangrar. Dette var folkeopplysning, for alt
som ikkje var på rim den gongen var styggedom, meinte nok dei fleste av
lånarane mine. Wildenvey var vel normen utanfor universitetsbyane. Og
framleis i dag? Eg kan ha brukt Nyquist sitt «juledikt», men hugsar ikkje.

I Vestby hadde vi også Johan Herman Wessel; ja, han var fødd og vaks opp
der faktisk. Det er sikkert lyrikarar i dei fleste kommunar, både nolevande
og før-levande. Som kan bli kjerna i ei utstilling.

Men opphenging av kopiar av dikt var kanskje ikkje lovleg. Vi var ikkje så
medvitne på opphavsrett den gongen, men det har jo blitt alvorlegare etter
at dataen kom. Men ein kan jo be om lov.

Helsing
Anders Ericson
+4797775170
https://bibliotekettarsaka.com


tir. 23. feb. 2021 kl. 16:40 skrev Hilde Sjølset <
Hilde.Sjolset at nordrefollo.kommune.no>:

> Hei!
>
>
>
> I forbindelse med at vi ønsker å kassere lyrikk i Nordre Follo bibliotek
> ønsker vi å høre om noen der ute har en strategi over hvordan de har gjort
> det hos seg. Vi er et bibliotek som består av to likeverdige filialer, en i
> Ski og en på Kolbotn. Vi tenker det er nødvendig å slanke samlingen
> betraktelig. Vi tar gjerne imot andres erfaringer med kassering av lyrikk.
> En av åre avdelinger skal ha mer lyrikk på hyllene enn den andre. Vi har en
> del kunnskap om klassikere og vet at vi ikke bare kan basere oss på
> utlånstall.
>
>
>
> Med vennlig hilsen
>
>
>
>
>
>
>
> *Hilde Sjølset*
>
> barne- og ungdomsbibliotekar
>
> Nordre Follo bibliotek <http://www.oppegard.folkebibl.no/> – avd. Kolben
> | kolbenbibliotek.no <http://www.kolbenbibliotek.no/>
>
> Tlf. *66 <66%2081%2050%2054> 81 50 53* • 98 44 29 71
>
> Besøksadresse: Strandliveien 1, Kolbotn
>
> Postadresse: Postboks 3010 I 1402 Ski
>
>
> --
> Biblioteknorge mailing list
> biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no
> https://mailman.kunnskapsallmenning.no/mailman/listinfo/biblioteknorge
>
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <http://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20210224/fc587a45/attachment.htm>
-------------- next part --------------
A non-text attachment was scrubbed...
Name: image003.png
Type: image/png
Size: 5919 bytes
Desc: not available
URL: <http://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20210224/fc587a45/attachment.png>


More information about the Biblioteknorge mailing list