=?iso-8859-1?Q?Viser_og_songar, _Romanar, _Guideb=F8ker, _H=F8vesdikting, _Th?= rillerar

Marit Kristine Ådland maritkr at oslomet.no
Thu Feb 18 12:43:53 CET 2021


Eg synest den nye tearurusen for sjanger og form er verd å nemna her på lista. Dette er jo ikkje nye metadata i katalogane, men no er termar samla i ein felles struktur av Nasjonalbiblioteket, Bokbasen og Biblioteksentralen i samarbeid. Dermed ligg det an til at desse tre aktørane bruker same ord for same sjanger framover. Eg tenker dette er eit steg mot meir einsarta data i bibliotekkatalogane, utan at det treng å gå ut over lokale behov.

Eg har fått vera med å kikka på nynorsktermane i arbeidet med tesaurusen, det er mykje interessant blant dei termane.

https://bibliotekutvikling.no/2021/02/18/norsk-tesaurus-for-sjanger-og-form-og-nasjonalbibliotekets-vokabulartjeneste-nbvok/


Beste helsing
Marit Kristine Ådland
OsloMet - Institutt ABI

-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <http://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20210218/e07eb606/attachment.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list