Undersøking om høgtlesing i folkebiblioteka

Vidar Lund vl at norskbibliotekforening.no
Mon Dec 21 11:16:38 CET 2020


Hei!

Torsdag ettermiddag fekk alle folkebiblioteka ein e-post til postmottaket, med oppmoding til biblioteksjefen om å vera med på ei undersøking. Målet er todelt: både å finne ut kva som er praksis i biblioteka for høgtlesing som ikkje er dekt av fribruksreglane, og kva synspunkt biblioteksjefane har for korleis den høgtlesinga skal avklarast og ev. godtgjerast.

Hittil har vi fått inn 55 svar, og vil ha mange fleire! Er du ein biblioteksjef som ikkje har fått e-posten? Ta kontakt med meg, så får du tilsendt lenke.

Undersøkinga skal brukast i arbeidet med å finne ei forståing/regelverk for høgtlesing/formidling som ikkje er dekt av fribruksreglane.

Nasjonalbiblioteket har nyleg publisert ei rettleiing i kva som er fritt fram og kva som må avklarast: https://bibliotekutvikling.no/juridiske-ressurser/opphavsrett-og-bruk-av-materiale-i-bibliotekene/. I denne undersøkinga er det altså omfanget av aktivitet som skal avklarast som er temaet. Undersøkinga er anonym.

Beste helsing
Vidar Lund
Leiar i Norsk bibliotekforening
Tlf. 40211624

www.norskbibliotekforening.no<http://www.norskbibliotekforening.no/>
[Justert logo NBF 2020]

-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <http://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20201221/7e88b67b/attachment.htm>
-------------- next part --------------
A non-text attachment was scrubbed...
Name: image001.jpg
Type: image/jpeg
Size: 5750 bytes
Desc: image001.jpg
URL: <http://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20201221/7e88b67b/attachment.jpg>


More information about the Biblioteknorge mailing list