Re: Oppfølging av bruk av opphavsverna åndsverk i biblioteka

Anders Ericson frilanders at gmail.com
Sun Dec 6 22:58:34 CET 2020


Ser bra ut.
Eg skreiv i november, med fleire spørjeteikn, om noko som kanskje har
samanheng med dette siste?
https://bibliotekettarsaka.com/2020/11/21/virtuelle-arrangement-ny-lov-med-ny-opning/

Hilsen
Anders Ericson
+4797775170
https://bibliotekettarsaka.com


søn. 6. des. 2020 kl. 22:51 skrev Vidar Lund <vl at norskbibliotekforening.no>:

> Hei!
>
>
>
> Som de sikkert hugsar gjekk det ein diskusjon her i sommar om
> bibliotekarar sin bruk av opphavsverna materiale i biblioteka. Både digital
> formidling og i lokala. Det førde til at Norsk Bibliotekforening og
> skribentorganisasjonane gjekk saman om å diskutere vilkåra for framføring.
> Ein viktig del av diskusjonen er sjølvsagt kva type framføringar dette
> gjeld, kva er det ein må spørje forfattarar/omsetjarar om og kva er det
> berre å gjera? NBF spurde juristane ved Nasjonalbiblioteket om ei
> vurdering. Som eit resultat av det har no Nasjonalbiblioteket lagt ut ei
> meir omfattande rettleiing enn det som var i det gamle heftet «På rett
> hylle med åndsverksloven». Her ligg vurderingane:
> https://bibliotekutvikling.no/juridiske-ressurser/opphavsrett-og-bruk-av-materiale-i-bibliotekene/
> .
>
>
>
> Det er no ei arbeidsgruppe med NBF og forfattarorganisasjonane som ser på
> praktiske løysingar for den delen av formidlinga som ikkje er dekt av
> fribruksordningane, der biblioteka i dag må spørje opphavarane om løyve. Vi
> håpar å lande ein konklusjon i januar. Inntil vidare har ikkje
> Forfattersentrum ei rolle, så ved arrangement/formidling som ikkje er dekt
> av fribruk: ta kontakt med forfattaren.
>
>
>
> Beste helsing
>
> Vidar Lund
>
> Leiar i Norsk bibliotekforening
>
> Tlf. 40211624
>
>
>
> www.norskbibliotekforening.no
>
> *[image: Justert logo NBF 2020]*
>
>
> --
> Biblioteknorge mailing list
> biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no
> https://mailman.kunnskapsallmenning.no/mailman/listinfo/biblioteknorge
>
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <http://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20201206/d2f3b728/attachment-0001.htm>
-------------- next part --------------
A non-text attachment was scrubbed...
Name: image001.jpg
Type: image/jpeg
Size: 5750 bytes
Desc: not available
URL: <http://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20201206/d2f3b728/attachment-0001.jpg>


More information about the Biblioteknorge mailing list