Erfaringar med besøksteljar

Anne Kaslegard Anne.Kaslegard at aal.kommune.no
Fri Nov 13 16:24:09 CET 2020


Biblioteket vårt treng ein ny besøksteljar. Kva for erfaringar
har andre bibliotek med besøksteljarar? T.d. med dei produkta
Bibliotekservice og BSEurobib leverer, men gjerne også med
produkt frå andre aktørar.

Den teljaren me hadde tidlegare, var litt for ivrig i tenesta og
talde nok ein del meir enn det som var reelt. Eg er no ute etter
ein teljar som tel meir riktig og dessutan i ei opning som er
ganske stor, litt over 10 meter.

Er det nokon som har erfaring med meir profesjonelle system som
kan levere statistikk over variasjonar i besøket i løpet av dagen
etc.?

Med vennleg helsing
Anne
Anne S. Kaslegard
biblioteksjef, Ål bibliotek
tlf. 32 08 51 23 / 938 43 000


More information about the Biblioteknorge mailing list