Norsk bibliotekforening skuffa over manglande satsing

Vidar Lund vl at norskbibliotekforening.no
Wed Oct 7 15:03:27 CEST 2020


Pressemelding: 

Norsk Bibliotekforening skuffa over manglande satsing på bibliotek og lesing 
 
- Norsk Bibliotekforening (NBF) er skuffa over regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2021, seier Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening. - Det er store behov for satsing på både folkebibliotek, skulebibliotek og felles informasjonsressursar, og her stiller ikkje regjeringa opp, følgjer han opp. Andre litteratur- eller lesesatsingar blir heller ikkje styrka. 

Når kommunar satsar på bibliotek kan dei søkje på prosjekt- og utviklingsmidlar til folkebibliotek, skulebibliotek og lokale kulturbygg. I 2021 aukar ingen av desse budsjettpostane. Når kommuneøkonomien er hardt råka av covid-19-krisa, er mange bibliotek trua av reduserte budsjettrammer. - Førebels  veit vi at fleire folkebibliotek har fått melding om å kutte mellom 5 og 10 % av budsjettet for 2021. 

Då dei fleste biblioteka stengde på grunn av covid-19 i mars, gjekk dei statlege pengane som skulle gått til prosjekt- og utviklingsmidlar i 2020 til innkjøp av digitalt materiale gjennom fylkesbiblioteka. - Dette er ei ordning som burde vore vidareført for 2021 i tillegg til prosjektmidlane, seier Vidar Lund. 

- Helsebiblioteket.no er ei anna teneste som no slit, understrekar Lund. - Prisaukar og svingande valutakursar gjer at berre i 2021 trengst det 6-10 millionar kr for å oppretthalde dagens tilbod. 

Helsebiblioteket.no er ei digital bibliotekteneste der Folkehelseinstituttet kjøper inn digitale ressursar som kan brukast av både den statlege og kommunale helse- og omsorgssektoren og universitet og høgskular. Mange av tenestene er tilgjengelege for folk flest òg. 
 

Kontakt: 
Vidar Lund, leiar, tlf 40211624, mailto:vl at norskbibliotekforening.no 
Ann Berit Hulthin, generalsekretær, tlf. 97779547, mailto:abh at norskbibliotekforening.no 
 
Norsk bibliotekforening er ein uavhengig interesseorganisasjon for bibliotek. Enkeltpersonar, bibliotek og andre institusjonar kan bli medlem. http://www.norskbibliotekforening.no/ 

								





More information about the Biblioteknorge mailing list