Biblioteknorge-lista
Synne M Fredriksen
Synne.Fredriksen at aal.kommune.no
Fri Oct 2 08:48:52 CEST 2020
Eit lite hjartesukk!
Eg har prøvd å lage reglar for avsendarar og mottakarar for å få nye Biblioteknorge-epostar inn i ei eiga mappe i Outlook.
Eit fleirtal av epostar som har blitt sendt "til lista" har likevel hamna i min søppelpost etter at eg laga reglane. Det gjeld mellom andre ein epost frå Vidar Lund, leiaren i Norsk Bibliotekforening, som sendte til biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no tysdag 29. september.
Eg veit ikkje om dette er eit problem for fleire abonnentar, eller om det er mine epost-innstillingar det likevel er noko gale med.
Ein bieffekt av dette er at dei epostane som no kjem inn i Biblioteknorge-mappa mi, er epostar frå dei same avsendarane som ser ut til å ha ein intern samtale med kvarandre.
Synne Fredriksen
More information about the Biblioteknorge
mailing list