Individ-variant av Feide (eller plug-in) for enkel tilgang til digitalisert litteratur/artikler?

Anders Ericson frilanders at gmail.com
Tue Sep 29 10:11:29 CEST 2020


I tillegg til det Vidar nemner, må Open Access og Plan S vere «hovudsporet»
for å nå målet vi snakkar om.

Når det gjeld å bruke lokale bibliotek, altså Vidar sitt siste avsnitt: Kan
nokon her gjere detaljert greie for skilnaden mellom kva ein får gjennom
Feide og kva ein får som vanleg brukar av eit folkebibliotek?

Og: Er dét ein får tilgang til i eit folkebibliotek identisk med dette (då
er det mindre enn Feide):
https://www.nb.no/ressurser/e-ressurser/
Eg har altså ikkje klart å finne ei oversikt over kva eit folkebibliotek
maksimalt kan få tilgang til. Ei slik oversikt bør NB lage, om ho ikkje
finst.

Vidar nemner problema for yrkesfolk, men her er frilansarar (som
underteikna, gjennom tjue år) endå dårlegare stilte, utan arbeidsgjevar til
å betale noko som helst. Og rundt i kommunane finst det også tusenvis av
kunnskapssøkjarar og -produsentar som treng tilgang.

Kombinasjonen «Feide-tilgang» og meirope bibliotek store delar av dagen kan
vere med på å sikre det biblioteknettverket vi har igjen. Apropos forslag i
førre veke om ein nærbibliotekreform
https://bibliotekettarsaka.com/2020/09/21/koyr-debatt-no-tid-for-naerbibliotekreform/

Helsing
Anders Ericson
+4797775170
https://bibliotekettarsaka.com


tir. 29. sep. 2020 kl. 09:24 skrev Vidar Lund <vl at norskbibliotekforening.no
>:

> Hei,
>
> Helsebiblioteket.no er eit døme på ei nasjonal teneste som frikjøper
> lisensar til bruk for ålmenta. Vi i Norsk Bibliotekforening jobbar for å få
> fleire slike tilbod. Det er eit problem at frå du som bachelor- eller
> masterstudent har tilgang til all verdas informasjon, så mistar du truleg
> alt når du byrjar i arbeidslivet. Nokre heiderlege unnatak finst sjølvsagt,
> som helseføretaka og innanfor jussen, men som ingeniør i ein kommune
> manglar du truleg dei fleste databasane du nytta i studiet. Det same gjeld
> gjerne lærarar. Gode døme på fag som burde hatt nasjonale lisensar er
> pedagogikk/didaktikk, arbeidsmiljø/HMS, juss - det er i grunnen fantasien
> som set grenser.
>
> Dette vil ikkje vera billig, men det vil vera låge transaksjonskostnader
> samanlikna med eit system der ein skal drive individuell fakturering og
> tilgangskontroll. Eit alternativ er òg å bruke "hotspot"-modellen som m.a.
> Pressreader nyttar. Dvs. at du må møte opp på eit bibliotek, gå inn i
> tenesta frå biblioteket sitt trådlause nett på din dings/PC, og så ha
> tilgang i ei veke eller ein månad same kor du er.
>
> Beste helsing
> Vidar Lund
> Leiar i Norsk bibliotekforening
> Tlf. 40211624
>
> www.norskbibliotekforening.no
>
>
>
>
> -----Opprinnelig melding-----
> Fra: Biblioteknorge <biblioteknorge-bounces at mailman.kunnskapsallmenning.no>
> På vegne av Tore Ferner
> Sendt: mandag 28. september 2020 16:10
> Til: biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no
> Emne: Individ-variant av Feide (eller plug-in) for enkel tilgang til
> digitalisert litteratur/artikler?
>
> Hei,
>
> Særordningen med tilgang til norske tidsskrifter for alle under Korona er
> nå over:
> https://www.nb.no/utvidet-tilgang/
>
> Tilgang til digitalisert litteratur, både norsk og internasjonal, hos UNIT
> eller Nasjonalbiblioteket via Feide gjør livet enkelt, gitt at man er
> knyttet til rett type institusjon.
>
> Er man ikke tilknytte rett type institusjon, blir det straks mye mer pes,
> særlig for tidsskriftartikler siden man da må forholde seg til et villniss
> av publikasjoner og elendige betalingsløsninger.
> Noen som vet om en kommersiell portal som gir noe av de samme praktiske
> forenklingene som Feide?
>
> Feide:
> https://www.feide.no/
>
> Jeg ser for meg noen viktige aktører som kunne trenge enklere tilgang til
> ((c)-beskyttet) forskning/litteratur:
>
> - sivile organisasjoner
> - skriveprosjekter ikke tilknyttet (utdannings)institusjoner
> - amatører
>
>   - - -
>
> Sånn apropos, en slags norsk, kunnskapspolitisk idé:
>
> Jeg tenker også at når litteratur er digitalisert så gir det mindre mening
> å ekskludere grupper og individer, som ikke er tilknyttet
> utdannings- eller forskningsinstitusjoner, fra de klassiske
> UNIT-tjenestene: Den samme infrastruktur som gir studenter og forskere
> eksklusiv tilgang til litteratur kunne allmenngjøres for alle, mot
> individuell betaling, fx abonnementsordninger, men "administrert
> kollektivt" (en slags semi-kommersiell utvidelse av bibliotekstanken).
> Det kunne rent teknisk løses med en kommersiell tjenesteleverandør mot
> Feide, og så kunne de filtrere bort alt digitalisert materiale som er
> sensitivt (fx pga personvern).
> Tjenesteleverandøren kunne være et AS som kjøres av et selskap med
> spesiell konsesjon fra staten. Sett fra Feide sitt ståsted behøver ikke det
> innebære noe merarbeid så lenge alle penge- og administrasjonsbekymmer
> håndteres innen AS'et, og dette kan finansiere eventuelle merutgifter for
> UNITs abonnementer.
> Eller hvis ikke et AS, Nasjonalbiblioteket kunne kanskje kjøre en
> Feide-plug-in for betalende individer??
>
> Bare et idémyldringsinnfall.
>
> Nå kan kanskje denne semi-kommersielle ideen virke uforenlig med
> bibliotekstanken, men den tekniske og betalingsmessige forenklingen ville
> jo være enorm, noe som kan ses på som en økonomisk "utjevning" av
> organisatorisk art. Virker noe anakronistisk at akademikere og studenter
> skal ha enerett på slike forenklinger. (Selv om man låner bøker gratis på
> biblioteket er jo ikke buss- eller bilturen dit gratis ...)
>
> Dessverre bruker Feide Google-tjenester, så sånn sett er en generalisering
> av Feide en dårlig idé, men likevel...
>
> Mvh
> Tore Ferner
> --
> Biblioteknorge mailing list
> biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no
> http://mailman.kunnskapsallmenning.no/mailman/listinfo/biblioteknorge
> --
> Biblioteknorge mailing list
> biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no
> http://mailman.kunnskapsallmenning.no/mailman/listinfo/biblioteknorge
>
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <http://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20200929/494170b6/attachment.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list