SV: Oppfølging av bruk av opphavsverna åndsverk i biblioteka

Vidar Lund vl at norskbibliotekforening.no
Mon Dec 7 09:22:35 CET 2020


Ei lita presisering: det er det økonomiske Forfattersentrum ikkje har ei rolle ved. Dei må gjerne ringjast for råd og vink!

Beste helsing
Vidar Lund
Leiar i Norsk bibliotekforening
Tlf. 40211624

www.norskbibliotekforening.no<http://www.norskbibliotekforening.no/>
[Justert logo NBF 2020]



Fra: Biblioteknorge <biblioteknorge-bounces at mailman.kunnskapsallmenning.no> På vegne av Vidar Lund
Sendt: søndag 6. desember 2020 22:51
Til: Biblioteknorge <biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no>
Emne: Oppfølging av bruk av opphavsverna åndsverk i biblioteka

Hei!

Som de sikkert hugsar gjekk det ein diskusjon her i sommar om bibliotekarar sin bruk av opphavsverna materiale i biblioteka. Både digital formidling og i lokala. Det førde til at Norsk Bibliotekforening og skribentorganisasjonane gjekk saman om å diskutere vilkåra for framføring. Ein viktig del av diskusjonen er sjølvsagt kva type framføringar dette gjeld, kva er det ein må spørje forfattarar/omsetjarar om og kva er det berre å gjera? NBF spurde juristane ved Nasjonalbiblioteket om ei vurdering. Som eit resultat av det har no Nasjonalbiblioteket lagt ut ei meir omfattande rettleiing enn det som var i det gamle heftet «På rett hylle med åndsverksloven». Her ligg vurderingane: https://bibliotekutvikling.no/juridiske-ressurser/opphavsrett-og-bruk-av-materiale-i-bibliotekene/.

Det er no ei arbeidsgruppe med NBF og forfattarorganisasjonane som ser på praktiske løysingar for den delen av formidlinga som ikkje er dekt av fribruksordningane, der biblioteka i dag må spørje opphavarane om løyve. Vi håpar å lande ein konklusjon i januar. Inntil vidare har ikkje Forfattersentrum ei rolle, så ved arrangement/formidling som ikkje er dekt av fribruk: ta kontakt med forfattaren.

Beste helsing
Vidar Lund
Leiar i Norsk bibliotekforening
Tlf. 40211624

www.norskbibliotekforening.no<http://www.norskbibliotekforening.no/>
[Justert logo NBF 2020]

-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <http://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20201207/0ed5cacc/attachment-0001.htm>
-------------- next part --------------
A non-text attachment was scrubbed...
Name: image001.jpg
Type: image/jpeg
Size: 5750 bytes
Desc: image001.jpg
URL: <http://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20201207/0ed5cacc/attachment-0001.jpg>


More information about the Biblioteknorge mailing list