Tomme postar i Oria

Pål Hermod Bakka Pal.Bakka at uib.no
Thu Nov 5 10:47:36 CET 2020


Oria er ein katastrofe.  Det var velmeint å prøva utvikla eit «oppdagingssystem» som alternativ til Google. Men daudfødd. Som det er har vi ingen katalog i gammal bibliotekforstand for norske fagbibliotek. Vi har ein søkemotor som etter beste evne leitar i metadata like ujamne som ein grusveg i vårløysinga. Tomme postar er det minste. Det verste ved oria er «kunnskapsbasen». Det er soleis ikkje mogeleg å finna t.d. dei elektroniske utgåvene av Norges Offentlige Utredninger i oria.no fordi oria ikkje haustar frå nettsidene til Regjering og Storting. (Nett det skuldast vel at dei i Henrik Ibsens Gate 1 framleis lever i papiralderen).

Men eg har gjennom ProQuest (som vi rett nok betalar pengar for) betre tilgjene til førdeale amerikanske publikasjonar enn til norske offentlege.

Oria er  også pinleg dårleg på norskspråkleg materiale:  Google Scholar sine trefflister har frå tre til to gonger så mange relevant dokument som oria for same søkestreng. At oria ikkje brukande til litteratursøk på norsk eller om norske tilhøve er noko eg er nøydd til å fortelja studentane mine – uakta om det er å «snakka ned» vårt bibliotekinterne tilbod. Det oria kan brukast til er det vi bruke BIBBSYS til:  å finna bøker med kjend tittel  på hylla. Emnesøking gjev anten trefflister som både er for lange, oppfylte av dublettar og fulle av støy fordi oria haustar eit ukjend milliardtal postar der det meste er mikro- og molekylærbiologi. Eit emnesøk går vanlegvis føre seg i ein liten promille av dette kunnskapsuniverset. For å gi stuentane eit tilbod har eg aktivert det gamle Emneregisteret til Dewey frå BIBSYS. Søk gjennom det gjev faktisk treff både på papirbøker og e-bøker, sidan e-bøker med metadata frå LC har deweysignatur (bruk av Dewey i oria er noko eg vil gå stille forbi. Men det er vel seks ulike utgåver i aktiv bruk der).

Alma er, og eg legg band på meg, ein nedtur i høve til BIBSYS. Det einaste positive å seia om det er, for å sitera BIBSYS-direktøren (trur eg)  frå 2012, at det er det einaste norske offentlege dataprosjektet som er gjennomført i tida innanfor løyvinga…

Mvh
PHB



From: Biblioteknorge <biblioteknorge-bounces at mailman.kunnskapsallmenning.no> On Behalf Of Anders Ericson
Sent: Wednesday, November 4, 2020 4:36 PM
To: Biblioteknorge <biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no>
Subject: Re: Tomme postar i Oria

Bra at sånt kjem opp her. Eg støytte her om dagen på ei bok som neppe høyrer til desse tre alternativa. Ho er frå i fjor og neppe eit kasseringsmodent "siste eksemplar", det er ikkje ei e-bok og i alle fall ikkje frå NORLA.

Popowich, Sam: Confronting the Democratic Discourse of Librarianship: A Marxist Approach

Men viss ho likevel høyrer til gruppa «import av nye titler fra metadataleveransen uten at noen biblioteket har registrert eksemplarer»: Er det nokon god praksis?

Og kva med Biblioteksøk? Og alle feila der. Eg opplever ulike typar feil gong på gong.
Her finst det ei gruppe i Bibliotekutvikling.no, men eg har enno ikkje opplevd at det kjem svar frå dei ansvarlege.

Helsing
Hilsen
Anders Ericson
+4797775170
https://bibliotekettarsaka.com


ons. 4. nov. 2020 kl. 16:08 skrev Katrine Aronsen <katrine.aronsen at ntnu.no<mailto:katrine.aronsen at ntnu.no>>:
Hei.

Jeg spurte Bibsys/Unit siden jeg nettopp har hatt en runde med «tomme poster» her lokalt.
Her er svaret (under).
kan jo tas som en oppfordring to å rydde i katalogen rundt om på bibliotekene – for eksempel – dersom man sletter siste eksemplar av en bok bør man sørge for å skjule posten slik at den ikke vises for søk i Oria.

Fra Unit:
Jeg har sjekket den aktuelle posten og det er en elektronisk bok der det biblioteket som har den i sin lokale katalog har satt tilgangen som inaktiv. Posten er derfor i katalogen, men uten at noen har aktive tilganger.

Andre eksempler på slike poster er import av nye titler fra metadataleveransen uten at noen biblioteket har registrert eksemplarer. Det kan være forhåndsposter fra NORLA eller det kan være at alle eksemplarer er slettet / eller ikke tilgjengelige (tapt etc.), men at hovedposten ikke er slettet.

………………
Hilsen Katrine Aronsen – NTNU Bibliotek for medisin og helse


From: Biblioteknorge <biblioteknorge-bounces at mailman.kunnskapsallmenning.no<mailto:biblioteknorge-bounces at mailman.kunnskapsallmenning.no>> On Behalf Of Synne M Fredriksen via Biblioteknorge
Sent: Wednesday, November 4, 2020 3:14 PM
To: 'biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no<mailto:biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no>' <biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no<mailto:biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no>>
Subject: Tomme postar i Oria

Hei!

Det ser ut til at bøker som ikkje finst på norske bibliotek, ligg med postar i Oria. Det gjeld mellom andre "The Power of the Unconscious Mind<https://bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com/primo-explore/fulldisplay?docid=BIBSYS_ILS71598501490002201&amp=&amp=&amp=&amp=&amp=&amp=&amp=&amp=&amp=&amp=&amp=&context=L&vid=NB&lang=no_NO&search_scope=blended_scope&adaptor=Local%20Search%20Engine&tab=default_tab&query=any,contains,power%20subconscious%20joseph%20murphy&facet=rtype,include,books&offset=0>" av Joseph Murphy.
Me får opp ein post, men utan eksemplar.
Betyr dette at boka er kassert frå eit norsk bibliotek?

Synne Fredriksen
Ål bibliotek

--
Biblioteknorge mailing list
biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no<mailto:biblioteknorge at kunnskapsallmenning.no>
http://mailman.kunnskapsallmenning.no/mailman/listinfo/biblioteknorge
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <http://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20201105/be36517a/attachment-0001.htm>


More information about the Biblioteknorge mailing list