Litteraturformidling Møre og Romsdal, andre film

Cecilie Røe cecilie.roe at mrfylke.no
Thu Sep 17 12:30:56 CEST 2020




Ny film med litteraturformidling frå Møre og Romsdal!


I denne filmen møter vi forfattarane Sissel Brunstad og Eldar Høidal i samtale med Bjørn Vatne. Bøkene Norsk ølhistorie og Gull av gråstein er utgangspunkt for samtalen, som vart filma på Devoldfabrikken i Sula ein ettermiddag i juni 2020.  Filmen er tilgjengeleg i 14 dagar frå utgiving.

Sissel Brunstad gav i 2019 ut boka Norsk Ølhistorie på forlaget Skald. I denne boka tar Sissel Brunstad oss med på ei reise i norsk ølhistorie. Brunstad har grave i gamle kjelder, snakka med dei fremste ekspertane og med ølbryggarar i heile landet som framleis brygger på gamlemåten.

Eldar Høidal har skrive boka Gull av gråstein, som kom ut på Selja forlag i 2014. Boka handlar om næringsutviklinga på Sunnmøre dei siste 250 åra, og er ei historie om pågangsmot og framdrift på sjø og på land.

I begge bøkene får vi innblikk i tradisjonar der folk går saman for å realisere næringstiltak.

Det er duka for ein spennande og interessant samtale.

Du finn filmen her: https://youtu.be/d6E8lzT0M-4



God fornøyelse!


Cecilie Røe
bibliotekrådgivar
kulturavdelinga - fylkesbiblioteket
Møre og Romsdal fylkeskommune

cecilie.roe at mrfylke.no<mailto:cecilie.roe at mrfylke.no>
mrfylke.no<http://www.mrfylke.no/>

[cid:image002.png at 01D277C0.2AA49120]

-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <http://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20200917/037471cf/attachment.htm>
-------------- next part --------------
A non-text attachment was scrubbed...
Name: image001.png
Type: image/png
Size: 12226 bytes
Desc: image001.png
URL: <http://mailman.kunnskapsallmenning.no/pipermail/biblioteknorge/attachments/20200917/037471cf/attachment.png>


More information about the Biblioteknorge mailing list